Sigvald Oppebøen Hansen (A): Staten er ein betydeleg eigar i Telenor og andre store norske selskap som har mykje internasjonal aktivitet. Globalisering og auka internasjonal aktivitet kan stille desse selskapa på utfordringar i høve til samfunnsansvar og oppfølging av etiske retningsliner.
Korleis meiner næringsministeren at staten kan bruke sitt eigarskap for å medvirke til at Telenor og andre selskap staten har eigarskap i, følgjer opp sine etiske retningsliner på alle nivå og er leiande i å ta samfunnsansvar?
Begrunnelse
I den siste tida har det i media kome fram fleire uheldige sider ved aktiviteten til Telenor sitt dotterselskap Grameenphone i Bangladesh. Informasjon og påstandar om barnearbeid, ulykker med dødeleg utfall og dårlege og farlege arbeidstilhøve har kome fram. Dette er hendingar som har skjedd hjå underleverandørar av Grameenphone, men er likevel alvorleg for eit selskap som Telenor. Det som har skjedd er, i tillegg til å vere av så alvorleg karakter, også brot på Telenor sine etiske retningsliner og brot på lover i Bangladesh.
Telenor har vedgått at oppfølginga av selskapet sin aktivitet i Bangladesh har vore for dårleg. Telenor har soleis tatt tak for å rydde opp i tilhøva og for å betre sine system og oppfølgingsrutinar. Dette er positivt, men viser også at selskapet sine rutinar ikkje har vore gode nok ved at dei har vore for dårleg implementerte i alle delar av selskapet sin verksemd, inkludert underleverandørar.