Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1138 (2007-2008)
Innlevert: 22.05.2008
Sendt: 22.05.2008
Besvart: 28.05.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): I Afghanistan er den 23 år gamle journaliststudenten Sayed Parwez Kaambakhsh dømd til døden for å ha lese tekstar som er kritisk til Koranens syn på kvinner. Saka er no i praksis til handsaming hjå president Karzai i Kabul. I Noreg er me imot dødsstraff og me lar mellom anna vera å senda heim Mulla Krekar av frykt for at han kan bli drepen.
Kan Noreg godta å hjelpe fram krigsherrar og styresett som praktiserer dødsstraff, og kva blir konsekvensane for norsk deltaking i Afghanistan om han blir avretta?

Begrunnelse

Viser til svar på spørsmål 530 datert 01. 02. 2008, samt ulike oppslag i media om handsaming i appelldomstol i Kabul, og mellom anna leiaren i VG i dag.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Eg viser til svaret mitt på spørsmål nr. 529 (2007-2008) frå representanten Morten Høglund og spørsmål nr. 530 (2007-2008) frå deg i same sak.
Vi følgjer framleis saka tett, og har som tidlegare nemnt kontakt med andre som er engasjert i denne saka: Den uavhengige afghanske menneskerettskommisjonen, FN, Den internasjonale journalistføderasjonen, Amnesty International og ei rekke nærståande land. Vår ambassade i Kabul samarbeider framleis med andre for å utøve den form for påverknad som best kan tena Kambakhsh.
Eg fekk i går (26.5) informasjon om at Kambakhsh no har fått forsvarar og at saka er utsett ei veke for å gje forsvararen tilstrekkeleg tid til å setje seg godt inn i ho. Eg har og fått opplysningar om at Kambakhsh er ved god helse.
Det er ikkje sikkert at den store merksemda frå media bidrar til det utfallet ein ynskjer for journalisten. Afghanske styresmakter må få den tida dei treng til å handsame saka.
Denne saka blir framleis handsama av rettsapparatet i landet, men president Karzai kjenner til saka og følgjer ho nært. Eg har tatt opp saka fleire gonger med afghanske styresmakter, og også med kollegaen min. Om dødsdommen blir oppretthalden i rettsinstansane som står att, vil det vere eit alvorleg slag både mot ytringsfridomen sine kår og utviklinga av ein rettsstat i Afghanistan. Men uansett utfall i denne leie saka, så kan det ikkje få konsekvensar for Noreg sitt engasjement i Afghanistan.
Noreg har ei rekke gonger understreka overfor afghanske styresmakter vår haldning til dødsstraff. Dette vil vi ta opp att. Vi vil på nytt understreke at ytringsfridomen må respekterast og at ein rettvis rettergang må sikrast.