Skriftlig spørsmål fra Dag Ole Teigen (A) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:343 (2007-2008)
Innlevert: 05.12.2007
Sendt: 06.12.2007
Besvart: 14.12.2007 av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Dag Ole Teigen (A)

Spørsmål

Dag Ole Teigen (A): I et oppslag i Bergens Tidende 6. desember 2007 framkommer det at resultatene fra nasjonale prøver varierer mellom Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Bergen kommer lavt ut. Bergen kommune bruker mindre penger per elev enn de andre byene - ifølge tall fra SSB, gjengitt i avisen, bruker hver bergenser 61 000 kroner på grunnskolen, mens tallet er 25 000 kroner høyere i Oslo.
Hva mener statsråden er årsaken til at resultatene varierer, og er statsråden enig i at økonomi og lærertetthet er viktige forklaringsfaktorer?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Utdanningsdirektoratet arrangerte i september nasjonale prøver i rekning og i lesing på engelsk og norsk for 5. og 8. årssteget. Dei nasjonale prøvene skal vere eit verktøy både for at ein lokalt skal kunne forbetre undervisninga og for at nasjonale styresmakter skal kunne målrette innsatsen innanfor særskilte fagområde og for enkelte elevgrupper eller lærarar.
Formålet med dei nasjonale prøvene er først og fremst at skulane og kommunane skal få informasjon om kva elevane kan. Etablering av ein nasjonal skala gjer at skulane og kommunane kan samanlikne sine eigne resultat med resultata frå andre kommunar og med gjennomsnittet for heile landet.
Det er rett at resultata frå dei nasjonale prøvene viser at det er klare skilnader mellom kommunar. Årsaka til desse variasjonane vil no bli analyserte nærmare. Det er for tidleg no å seie noko om årsaka til skilnadene.
Eg er uroa over at skulane ikkje får del i dei auka inntektene til kommunane og at nokre skular kuttar i timetalet til elevane. Eg vil derfor følgje nøye med korleis denne situasjonen utviklar seg framover.