Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:855 (2006-2007)
Innlevert: 29.03.2007
Sendt: 30.03.2007
Besvart: 20.04.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Fleire medier melder at tre stamvegprosjekt i Møre og Romsdal og delvis Sogn og Fjordane kan bli utsette på grunn av overskridingar i Trøndelag. Det gjeld E39 Kvivsvegen og Renndalen-Staurset og E136 Eksportvegen mellom Monge og Marstein.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at dei samrøystes prioriteringane og forslaga til løyvingar som Stortinget gjorde for desse i Nasjonal transportplan blir følgde opp?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Det er eit mål for Regjeringa å følgje opp dei økonomiske rammene som Stortinget vedtok i samband med behandlinga av Nasjonal transportplan 2006-2015. Innafor den statlege investeringsramma til vegformål vil likevel ein kostnadsauke på igangsette prosjekt måtte føre til utsetting av andre prioriterte prosjekt/tiltak.
Det styringsmessige skiljet mellom stamvegnettet og øvrig riksvegnett inneber mellom anna at prioriteringane på stamvegnettet blir vurderte under eitt. Det er derfor ikkje slik at kostnadsauke på eitt stamvegprosjekt innanfor ein region automatisk fører til utsetting av andre prioriterte prosjekt innanfor den same regionen. Anleggsstart på prosjektet E39 Renndalen-Staurset vil til dømes bli framskunda til 2007 som følgje av at Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag fylkeskommunar forskotterer delar av kostnadene. Dette gjer at staten må følgje opp med løyvingar som føresett i handlingsprogrammet for perioden 2006-2009. Oppstart på dei to andre omtalte prosjekta vil heller ikkje bli utsett pga. overskridingane i Trøndelag. Eg vil kome tilbake til alle prosjekta i samband med dei årlege budsjetta. I handlingsprogrammet for perioden 2006-2009, som er utforma ut frå fleirtalsvedtaket i Stortinget som dåverande regjeringparti Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre valde ikkje å støtte i motsetnad til det som er opplyst i spørsmålet, er det ikkje føresett statlege midlar til desse før i 2009.