Oddvar Hallset Reiakvam (FrP): Synst statsråden det er god politikk å hindre næringsutvikling i eit område som slit med fråflytting?
Begrunnelse
I avisa Fjordenes Tidende 28. mars d.å. kan ein lese at ein grunneigar på Storøya i Bremanger kommune vert nekta av fylkesmannen å restaurere eit naust på øya. Naustet er i dag ei falleferdig rønne ifølgje avisa. Grunneigaren ynskjer å restaurere naustet slik at han kan starte med utleige av rorbu.
Ifølgje oppslaget i avisa er det ikkje stort meir enn 150 meter frå sjøkanten til midten av øya. Fylkesmannen si avgjerd fører då i praksis til at heile øya vert freda.
Grunneigaren ynskjer at etterkomarane skal ha ei alternativ næring til jordbruk å leve av, men fylkesmannen si avgjerd umuleggjer det.