Oddvar Hallset Reiakvam (FrP): Kan statsråden stadfeste at eit vern av Førdefjorden i tråd med regjeringas framlegg i St.prp. nr. 32 (2006-2007) ikkje vil legge hinder i vegen for uttak av rutilførekomsten i Engebøfjellet, bygging av hamneanlegg i tilknyting til verksemda og tilgang på fjorddeponi?
Begrunnelse
Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane vil etter regjeringas framlegg i St.prp. nr. 32 (2006-2007) ligge i tilknyting til ein nasjonal laksefjord. Engebøfjellet inneheld ein av verdas beste, kjende rutil-/eklogittførekomstar. I samband med utvinning av rutil/eklogitt vil det kunne verte naudsynt å bygge ut hamneanlegg og å deponere massar i fjorden.