Bjørn Jacobsen (SV): Korleis meiner statsråden at Mattilsynet skal kunne klare både kontrollfunksjon på den eine sida samtidig som ein tar på seg og vidarefører det viktige samfunnsarbeidet som næringsutvikling betinga av nærheit til produsentane er?
Begrunnelse
Mattilsynet har kompetanse som er viktig for næringsutvikling. Til dømes blei det sagt om eit for ikkje lenge sida opna slakteri i Møre og Romsdal at dette hadde aldri kommen til utan kommuneveterinæren som hjelpte til både med saksgang og andre tips tidleg i prosessen. Så tidleg at utan kunne heile prosjektet blitt kvelt om det var kontrolliveren som hadde tatt overhand i staden for grunderånda. Matilsynet skal ikkje berre fortelje kva som er galt, men også rettleie og inspirere til næringsaktivitet og då aller helst ny aktivitet.
Distriktskontoret i Stranda kommune med stor næringsmiddelindustri og verdsarvsområde med kanskje kommande satsing på ulike produksjonar i framtida vil til dømes kunne bidra positivt til næringsutvikling i regionen.
Dersom Mattilsynet skal vere ein offentleg aktør med rolle som samfunnsutviklar, må ein arbeide på ein slik måte at ein legg vekt på rettleiing, ein må arbeide førebyggjande og byggje opp tillit til bedriftene. Alt dette for å gjere næringsaktørane betre. Denne tilnærminga krev nærleik over tid. I dette scenariet er det viktig at distriktskontora ligg nært og talet på distriktskontor må ikkje drastisk endrast.
Dersom ein ser Mattilsynet i eit slikt perspektiv, vil Mattilsynet spele ei rolle som samfunnsutviklar og ha legitimitet i samfunnet.
I røynda må Mattilsynet kunne balansere begge modellane. Både utføre kontroll og rettleie.