Skriftlig spørsmål fra Torill Selsvold Nyborg (KrF) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:46 (2006-2007)
Innlevert: 11.10.2006
Sendt: 12.10.2006
Besvart: 19.10.2006 av miljøvernminister Helen Bjørnøy

Torill Selsvold Nyborg (KrF)

Spørsmål

Torill Selsvold Nyborg (KrF): Det har lenge vore arbeidd med å få dei freda industriminna i Tyssedal inn på den tentative lista til UNESCO sin verdsarv. Vi er kjent med at saka no er oversendt frå riksantikvaren til miljøvernministeren.
Korleis vurderer statsråden prosjektet, og vil statsråden gi ei positiv innstilling til dette særmerka nasjonale og internasjonale industrielle kulturminnet?

Helen Bjørnøy (SV)

Svar

Helen Bjørnøy: Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvalting er gitt i oppgåve å fremme forslag til revisjon av Noreg si tentative liste til UNESCO sin verdsarvkonvensjon. Direktorata si innstilling blei sendt Miljøverndepartementet 21. september 2006. Her heiter det at det er behov for ytterlegare utredingar før direktorata kan gi ei endeleg tilråding om Rjukan-Tyssedal-Odda som representantar for hydroelektrisk kraftproduksjon og prosessindustri bør førast opp på Noreg si tentative liste. Direktorata har ansvar for å gjere dette arbeidet, og eg vil derfor ikkje kommentere saka ytterlegare før ei endeleg tilråding ligg føre.