Petter Løvik (H): Kva meiner statsråden må gjerast på kort og lang sikt for å få større kapasitet på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden?
Begrunnelse
Trafikken på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden har hatt ein jamn og sterk auke siste åra. Trafikken er i dag større enn det som var tilfellet då flyrutene sist vart utlyste. Kapasiteten på dei viktigaste rutene er dermed for dårleg.
I løpet av inneverande utlysingsperiode vil også Eiksundsambandet vere på plass. Dette vil også gi nye muligheiter for vekst i trafikken dersom tilbodet er godt.
Widerøe gjer ein god jobb på Hovden. Kapasiteten er totalt sett noko knapp, og på kort sikt er det spesielt morgonruta og kveldsruta som er problemet. Her er talet på plassar så lite i forhold til etterspurnaden at mange passasjerar blir avviste. Dette skaper problem for mange som kanskje må reise på kort varsel og dette er med på å svekke bruken av flyplassen.
Det er viktig at ein kjem i gang med ein prosess for å få auka kapasiteten så snart som råd. Eg vonar og trur at både Widerøe og lokale krefter er interesserte i dette, og spørsmålet er då korleis statsråden kan bidra i dette arbeidet.