May-Helen Molvær Grimstad (KrF): 30 pst. av vaksne menneske har vanskar med å få med seg innhaldet i ein vanleg tekst. Mange treng meir tilgjengeleg litteratur for å kunne lese. Det gjeld alt frå leseuvande, minoritetsspråklege, eldre, svaksynte, folk med ADHD og dyslektikarar, til utviklingshemma m.m. Leser søker bok (LSB) er ein allianse av 23 organisasjonar frå bokbransje, funksjonshemmas organisasjonar m.m., som har sørgt for eit lesetilbod til desse gruppene.
Kva vil statsråden gjere for at dette viktige arbeidet vert vidareført og auka?
Begrunnelse
Leser søker bok (LSB) har lukkast med å utvikle og gje ut bøker til nemnte grupper. 53 titlar er produsert. Bøkene er ikkje berre godt tilrettelagt for målgruppene, men har samtidig fullverdig litterær kvalitet. Noreg er første land i verda som klarer dette i ein slik målestokk. LSB har laga kjelder for informasjon om utvalet av bøker: Katalogen Bok til alle og www.boksok.no er verdas første nettside i sitt slag. Lesarane finn ikkje bøkene i bokhandelen. Få bokhandlarar, om nokon har eit reelt tilbod. Evaluering frå lesesenter syner at vanlige bibliotek har liten eller ikkje noko tilbod til svake lesarar. Ved dei 50 biblioteka støtta av LSB er tilbodet derimot godt. Dei har fått kunnskap om behova og organiserer 350 leseombod som formidlar bøker til dei som ikkje sjølv kan lese. Dei manglar likevel tilrettelagde bøker. Skule og vaksenopplæring veit lite om tilbodet av litteratur til lesesvake elevar.
LSB har på kort tid kome svært langt i å løyse ei sentral kulturpolitisk utfordring: Gje alle eit tilbod om litteratur. Men framleis er det store utfordringar for at tilgangen skal vere reell. Dersom arbeidet skal halde fram, er LSB heilt avhengige av auka offentleg støtte i statsbudsjettet for 2007.
Kulturkomiteen uttalte i budsjettinnstillinga for 2005 følgjande:
"Komiteen meiner det er viktig å etablere tryggare rammer rundt prosjektet Leser søker bok. Komiteen har merka seg framlegget frå departementet om å auke tilskotet til prosjektet med 3 mill. kr i 2005 og ser fram til at det blir bygd opp formidlingskanalar i samarbeid med bibliotek og andre."
LSB har styrkt mange formidlingskanalar. Det er viktig at dette arbeider held fram og at alle bibliotek får tilgang til og kompetanse om desse bøkene.