Skriftlig spørsmål fra Lars-Henrik P. Michelsen (V) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:864 (2005-2006)
Innlevert: 09.05.2006
Sendt: 10.05.2006
Rette vedkommende: Utenriksministeren
Besvart: 16.05.2006 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Lars-Henrik P. Michelsen (V)

Spørsmål

Lars-Henrik P. Michelsen (V): Kva vil utviklingsministeren gjere for at den pågåande forhandlingsrunden i WTO skal oppfylle lovnadene om å bli ein reell "utviklingsrunde", og vil Regjeringa gjennomføre nasjonale tiltak i næraste framtid med sikte på å auke importen av varer frå MUL- og u-land?

Begrunnelse

Dagens handelsreglar favoriserer rike land. Ifølgje UNDP sin årsraport for 2005 har Afrika sør for Sahara, med sine 689 millionar innbyggjarar, ein mindre del av verdas eksport enn Belgia, med berre 10 millionar innbyggjarar. Dersom ein ikkje får på plass ein ny handelsavtale som fører til store kutt i toll- og subsidienivået til dei rike landa, vil fattige land gå glipp av store inntekter som kunne gått med til gode utviklingsføremål som til dømes helse og utdanning.
WTO, med sine 149 medlemsland, er den einaste organisasjonen som kan endre det urettferdige handelsregimet vi har i dag. Difor er det viktig at dei pågåande forhandlingane fører fram. Det er imidlartid knytt stor uvisse til når og om Doha-runden, som har fått kallenamnet "utviklingsrunden" på grunn av lovnadene om å prioritere utviklingslanda sine interesser, vil bli avslutta. Så langt har den eine tidsfristen etter den andre blitt utsett fordi medlemslanda ikkje har klart å bli einige. I skrivande stund er neste frist for iverksetjing av ny handelsavtale sett til 31. juli.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Spørsmålet vert overført frå utviklingsministeren.
Utviklingsspørsmål er gjennomgripande i den pågåande forhandlingsrunden i WTO. I erklæringa frå ministermøtet i Doha hausten 2001 blir det understreka at ein skal ta særskilt omsyn til utviklingslanda på dei ulike forhandlingsområda, og at ein skal forhandla om positiv særbehandling for utviklingslanda og om fagleg bistand. Målet er å avslutta Doha-runden innan utgangen av 2006.
Utviklingslanda si rolle er blitt tydelegare og viktigare i løpet av denne runden. Sjølv om utviklingslanda er ei svært ujamn gruppe av små og store land med ulike interesser, der nokre er mest interessert i å fremja eksporten medan andre er meir opptatt av å skjerma seg mot import, har utviklingslanda makta å stå meir samla og gjera seg meir gjeldande enn tidlegare. Vårt ønskje om eit resultat som tek omsyn til deira interesser, har difor ein så sentral plass at det er umogleg å koma utanom det.
Eit sentralt mål i Doha-runden er å integrera utviklingslanda i verdshandelen gjennom betra marknadstilgang for eksportprodukta deira, i både industriland og i andre utviklingsland.
Betre marknadstilgang og dermed auka handel fører til auka inntekter og vil kunne vera eit viktig bidrag i kampen mot fattigdom. At Doha-runden lykkast er såleis i seg sjølv viktig for utviklingslanda.
Samstundes er det semje i WTO om at ein ikkje kan forventa at dei minst utvikla landa (MUL-landa) vil ta på seg forpliktingar i denne forhandlingsrunden, og det er brei oppslutning om at andre små og sårbare økonomiar har behov for ekstra fleksibilitet.
I forhandlingane om handel med tenester har Noreg nær kontakt med utviklingslanda og støttar opp om særleg dei fattigste landa når det gjeld deira behov for fleksibilitet. Vi har trekt tilbake alle dei krava vi hadde stilt til utviklingsland som kunne bli oppfatta som press i høve til den måten utviklingslanda ønskjer å organisera sentrale offentlege tenester på. I forhold til MUL har vi òg trekt tilbake alle dei andre krava som tidligare har blitt fremma i tenesteforhandlingane.
Når det gjeld landbruksforhandlingane, er målet vårt å bidra til ei vellykka avslutning av utviklingsrunden. Difor står utviklingslanda sine interesser og behov høgt på dagsordenen, i tillegg til våre eigne nasjonale, defensive interesser. Det er eit overordna mål for Regjeringa å sikra ordningar som gjer det mogleg å driva jordbruk i heile landet, og vi støttar utviklingslanda sine krav om særskilt beskyttelse av produkt som er særleg viktige for dei.
Samstundes er det urealistisk å tenkja seg eit sluttresultat som ikkje fører til at dei landa som har stort potensial for å eksportera jordbruksvarer, får betra vilkåra sine for å auka denne eksporten.
I tillegg til auka marknadstilgang er det behov for handelsrelatert bistand for å sikra aktiv deltaking frå utviklingslanda i dei pågåande forhandlingane og for at utviklingslanda skal kunne gjera størst mogleg nytte av forhandlingsresultatet. Utviklingslanda må få hjelp til å styrka tilbudssida med omsyn til å produsera og marknadsføra varer og tenester som det er mogleg å selgja på den internasjonale marknaden.
På ministermøtet i Hong Kong i desember 2005 vart det lagt stor vekt på behovet for handelsrelatert bistand. Det blei oppretta ein "task force" som innan juli i år skal koma med tilrådingar om korleis såkalla "Aid For Trade" kan bidra så effektivt som mogleg til utviklingsdimensjonen i Doha-runden.
Noreg var i 2004 den største bilaterale bidragsytaren til dei multilaterale fonda for handelsrelatert fagleg bistand. Vi vurderer no ei ytterlegare opptrapping i 2007 gjennom både multilaterale og bilaterale kanalar, og vi ser mellom anna nærare på bilaterale tiltak for å styrka tilbudssida i nokre av dei viktigaste samarbeidslanda våre.
Vi har i den seinare tid gjort ein innsats i land som Uganda og Kenya for å hjelpa dei i den vanskelege utfordringa dei møter innan tiltak knytta til dyre- og plantehelse, mattryggleik og produktstandardar. Denne innsatsen vil bli trappa opp i tida som kjem.
På ministermøtet i Hong Kong var det òg semje om fleire andre viktige spørsmål for utviklingslanda:
All eksportstøtte på landbruksområdet skal fjernast innan utgangen av 2013 og eksportsubsidia for bomull skal eliminerast alt i 2006. Vidare skal MUL-landa få toll- og kvotefri marknadstilgang for minst 97 pst. av produkta sine i dei rike landa og i dei utviklingslanda som er klare for eit slikt tiltak.
I Noreg har vi for lengst innført toll- og kvotefri marknadstilgang ikkje berre for 97 pst., men for alle varer frå MUL innanfor den norske tollpreferanseordninga for utviklingslanda (GSP).
Vi arbeider no med ein gjennomgang av GSP-ordninga for å vurdera ytterlegare forenklingar og forbetringar. Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har på oppdrag frå Utanriksdepartementet gjort ei omfattende studie som grunnlag for denne gjennomgangen.
Når det gjeld den meir praktiske sida med å få varer frå utviklingslanda inn i butikkhyllene og fram til dei norske forbrukarane, så er det tatt fleire viktige initiativ dei siste åra som vi arbeider vidare med. NORAD har til dømes gjort ein avtale med Handels- og servicenæringas hovudorganisasjon (HSH) om særskilte samarbeidstiltak med eksportørar i utviklingslanda som skal gjera det lettare for dei å etablera kontakt og samarbeid med norske importørar. På dette området samarbeider vi med fleire andre land og blant dei særleg Nederland. Vi støttar opp om tiltak frå Forum for utviklingshandel, Max Havalaar og Initiativet for etisk handel, med sikte på å auka importen frå utviklingsland. Eit av tiltaka her er å skapa større merksemd om varer frå utviklingslanda. NORAD vil i tida som kjem arrangere ei seminarrekke om u-landsimport og handelsrelatert bistand i samarbeid med dei nemnde organisasjonane.
Når det gjeld overordna sider ved Regjeringas politikk, prioriteringer og omsyn i WTO-forhandlingane vil eg visa til den utanrikspolitiske redegjørelsen for Stortinget 8. februar 2006, redegjørelsen om WTO-forhandlingane i Stortinget 9. desember 2005, og svar på andre WTO-relaterte spørsmål som til dømes skriftleg spørsmål nr. 203 (2005-2006).