Gunn Berit Gjerde (V): Fleire fiskebåtreiarlag, mellom anna eitt på Smøla på Nordmøre og eitt i Lenvik i Troms, har no store problem på grunn av stoppen i struktureringsordninga som fiskeriministeren gjennomførte i haust utan varsel på førehand.
Kva vil fiskeriministeren gjere for å redde økonomien i desse reiarlaga og dermed redde mange viktige arbeidsplassar i kystdistrikta?
Begrunnelse
Det er fleire reiarlag som ikkje kom inn før skjeringsdatoen på 19. oktober 2005 som fiskeriministeren sette for å kunne gå vidare i struktureringsprosessen, men som likevel har kome for langt i struktureringsprosessen til å gå tilbake på det no. Reiarlaga har handla etter offisiell norsk fiskeripolitikk og er økonomiske offer for eit politisk skifte i fiskeripolitikken.
Mellom anna har eit reiarlag i Lenvik kommune gått i kompaniskap med eit anna reiarlag for å ha råd til å drive sin nye fiskebåt vidare med større kvoter og lønsemd for fiskarane om bord.
Eit anna reiarlag i det vesle fiskesamfunnet Veiholmen på Smøla hadde sendt søknaden om ervervsløyve før skjeringsdatoen, men fekk handsaming nokre få dagar etter fristen.
For begge desse reiarlaga, og fleire, som hadde innretta seg etter struktureringsordninga som var vedtatt og som såg sjanse til å kunne drive lønsamt fiskeri, er framtida no heilt usikker, Dei blir også påførte store økonomiske tap på grunn av sturktureringsstoppen.
Samleis påfører stoppen tap av mange viktige arbeidsplassar i kystdistrikt der det er vanskeleg å få anna arbeid.
Begge desse reiarlaga har gjennom brev tatt kontakt med fiskeriministeren. Det eine reiarlaget har til og med skrive ope brev til fiskeriministeren, gjengitt i Fiskeribladet, utan at det har kome svar på om korleis fiskeriministeren vil berge lønsemd og arbeidsplassar.