Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:293 (2005-2006)
Innlevert: 19.12.2005
Sendt: 20.12.2005
Besvart: 12.01.2006 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta initiativ til å innføra at det kan krevjast politiattest som grunnlag for tilsetjing i helse- og omsorgssektoren?

Begrunnelse

Eg viser til at det i den seinare tid er døme på overgrep der ein slik attest kunne medført at ein eventuell overgripar ikkje hadde hatt høve til arbeid i denne sektoren.
Frå før kan det krevjast slik attest i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Eg finn det rett at det også vert innført ei slik ordning i helse- og omsorgssektoren, og vonar statsråden er samd med meg i det.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Helse- og omsorgsdepartementet sendte 23. august 2005 ut eit høyringsnotat med lovforslag om at det kan krevjast politiattest frå personell som skal yte helse- og sosialtenester til barn eller utviklingshemma. Høyringsfristen vart sett til 23. november 2005.
Forslaget inneber at politiattest skal krevjast ved tilbod om stilling i sosialtenesta eller helsetenesta, ved inngåing av avtale etter kommunehelsetenestelova § 4-2 fyrste ledd, tannhelsetenestelova § 4-1 fyrste ledd og spesialisthelsetenestelova § 2-1a fjerde ledd, og ved melding når helsepersonell opnar, overtek eller trer inn i privat verksemd. Etter forslaget skal politiattesten vise om vedkommande er sikta, tiltalt, ilagt førelegg eller dømt for brot på straffelova §§ 193, 194, 195, 196, 197, 199, 200 andre ledd, 201 bokstav c, 203 og 204a (seksuelle overgrep mot barn og barnepornografi.)
Formålet med forslaget er å førebyggje seksuelle overgrep mot barn og utviklingshemma.
Departementet har fått 92 høyringsutsegn til forslaget, og arbeider no med å oppsummere desse.
Eg vil trenge litt tid til å vurdere korleis høyringsforslaget nærmare skal bli følgd opp og vil kome tilbake til Stortinget med dette på egna måte.