Bjørn Jacobsen (SV): Det er mange engasjerte og mange initiativ som tas for å komme fram til ei løysing av Vanunu-saka, og på korleis måte er den norske Regjeringa engasjert i å bidra til at saka får si løysing?
Begrunnelse
Mordechai Vanunu si sak er godt kjent i Noreg og han har stor sympati. Det vil også være mange rundt om i verden som vil sjå svært positivt på Norge om vi medverka avgjørande til å få til ein løysning av saka hans.
Fredsrørsla i Noreg sendte for nokre veker sidan inn ein klage for Vanunu til FNs Høykommisær for menneskerettighetar i Genève, Louise Arbour. Fredsrørsla har også i samarbeid med juridiske ekspertar i USA fått laget ein utredning ment for bruk i israelske domstolar, både i sak om å oppheve restriksjonane og i ein straffesak som er reist for 21 samtaler med utanlandske journalistar, som er brot på (det rettskrenkande) forbodet mot at Vanunu snakkar med utlendingar.