Sigrun Eng (A): Buskerud sin parallell til Tautra, nemleg fyllingane mellom Steinsfjorden og Tyrifjorden vil finne si løysing dei komande åra. Planarbeidet for å kunne starte opp så snart pengar kjem, var godt i gang, men vart stoppa utan at mange forstår det.
Kan statsråden medverke til at planarbeidet får fortsetja, slik at ein ikkje taper tid før gjenopningarbeidet kan koma i gang?
Begrunnelse
Fyllingane mellom Steinsfjorden og Tyrifjorden er i dag som ein propp for gjennomstrømming og utskifting av vatn i Steinsfjorden. I mange år har det vori gjort mykje lokalt for å få til redusert avrenning ifrå landbruk og spreidd busetnad. Ringerike og Hole kommune har gjort det som dei har vorti pålagt, nemleg sørga for at tilsiget ifrå omkringliggjande område avtek. Det har vori brukt fleire titals mill. kr, og arbeidet er inne i ei sluttfase. År om anna blomstrar blågrønalgeproduksjonen opp til eit faretruande nivå. Ungar kan ikkje bade, dyr kan ikkje drikke vatnet og den unike krepsestamma står ifare for å døy ut.
Gjennom fleire år har dette vori ein gjengangar i spørsmål og omtale.
I årlege budsjett har og saka vori omtala. Ved rullering av NTP vart saka sett inn i ein plan der fleirtalet meiner at desse fyllingane skal skiftast ut. Distriktskontoret i Øvre Buskerud starta planleggingsarbeidet for å vera klar, når pengar kjem.
Så har dette distriktskontoret fått beskjed ifrå sitt overordna kontor at planlegginga skal opphøyre.
Mange som sette sin tillit til at denne saka endeleg kunne finne si løysing, er frustrert og resignerer på korleis Stortingsvedtak blir praktisert. Kommunale politikarar synes det er vanskeleg å fortelja innbyggjarane at denne naturperla ikkje no heller blir tatt på alvor.
NIVA har også hatt eit utredningsprosjekt på gang, stoppa av pengemangel. Tida går men lite skjer, det er kanskje ikkje nødvendig med meire utrendingsarbeid, men handling. Difor ville det truleg vera i vår felles interesse at Vegvesenet hadde fått sine avklarte planar klare så fort som råd. Så får vi politikarar ta kampen om når prosjektet kan få middlar i neste runde.