Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:804 (2004-2005) Innlevert: 24.05.2005 Sendt: 24.05.2005 Besvart: 26.05.2005 av justisminister Odd Einar Dørum
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det finst døme på at kommunar i dag må betala døgnpris til staten for eigne innbyggjarar som sonar ein straff. Meiner statsråden dette er rett, eller vil han gjere noko for å rydda opp?
Odd Einar Dørum: Eg legg til grunn at representanten sikter til ordninga med gjennomføring av straff etter §12 i straffegjennomføringslova. Kriminalomsorga kan godkjenne gjennomføring av straff i institusjon dersom kriminalomsorga ikkje kan ivareta behova til domfelte og opphaldet er til beste for domfelte. Finansiering av opphald i institusjon er avhengig av om det gjeld ein rusomsorgsinstitusjon som har avtale med helseføretaka eller ein privat institusjon. Om opphaldet etter § 12 er i ein institusjon som har avtale med eit helseføretak, betalar helseføretaket opphaldet. Om opphaldet etter § 12 er i ein privat institusjon, betalar kriminalomsorga ein del av kostnadane. I tillegg betalar kriminalomsorga dagpengar til domfelte. Heimkommunen til domfelte skal dekkje resten av kostnadene ved opphaldet. Om kommunen ikkje ynskjer å dekkje kostnadene, må domfelte uthalde straffa i fengsel. Heimkommunen må såleis ikkje i noko tilfelle betala døgnpris til staten, men i nokre tilfelle, der kommunen sjølv ynskjer at domfelte skal ha opphald i privat institusjon, betala delar av kostnadene ved opphaldet i privat institusjon.