Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Ei følgje av rusreforma er at det ikkje lenger er like reglar for finansiering til opplæring medan ein pasient er til behandling.
Kan statsråden medverka til at dette vert retta opp?
Begrunnelse
Eg viser til at pr. dato ikkje er same økonomiske garanti for opplæring ved private som ved offentlege institusjonar. Dette har m.a. ført til at elevar ved Tyrilistiftelsen ikkje lenger har skuletilbud. Av skriftleg spørsmål nr. 555 (2004-2004) framgår det at det vert arbeidd med løysingar som gjeld både kort og lang sikt. Ei avklaring har ikkje skjedd. Eg reknar med at statsråden er samd i at skulegong er ei viktig side av rehabiliteringa for ein rusmiddelmisbrukar og ber han medverka til ei snarleg løysing.