Bjørn Jacobsen (SV): Vil Regjeringa i framtidige WTO-rundar støtte utviklingslanda sine ynskje om å få til ei omforhandling av TRIPS-avtala, og at denne omforhandlinga også må ivareta eit lands rett til å motsette seg patentering av liv, og i tillegg innehalde krav om utbyttedeling og informert samtykkje?
Begrunnelse
TRIPS (Trade Related Intellectual Property rights) er WTO-avtala om immaterielle rettar. Avtala inneheld reglar for copyright, retten til geografiske betegnelser, patenter på teknologi og bruk av kunnskap. Avtala skil seg frå andre avtaletekstar i WTO ved at den stiller minimumskrav til landas vern av immaterielle rettar. Medan dei andre avtalene forbyr handelshindringar, sett TRIPS desse opp. Den delen av avtala som omhandlar patenter seier at om ei oppfinning lever opp til definisjonen som "ny", kan oppfinnaren få opp til 20 års vern for oppfinninga gjennom eit patent. Det tyder at ingen andre har lov til å nytte oppfinninga utan å betale lisens fyrst.
Då TRIPS-avtala blei forhandla fram i den såkalla Uruguay-runden i WTO, var mange utviklingsland i mot avtala. Etter forhandlingar under stort press, godtok dei avtala under to føresetnader:
- Dei skulle få betre tilgang for varene sine til marknader i industriland.
-Avtala skulle bli gått igjennom på nytt 5 år etter (år 2000).
I dag, 10 år etter, er ingen av desse løfta oppfylde. Striden står no om avtala i det heile skal reviderast, eller om ein berre skal sjå på implementeringa i medlemslanda, slik blant anna USA ynskjer.
Det kan argumenterast for at TRIPS-avtala skaper større forskjellar mellom fattige og rike, av ulike årsaker:
Hindrar teknologioverføring
TRIPS hindrar teknologioverføring og utvikling i utviklingsland. Å kunne tene noko på TRIPS føresetter kunnskap og teknologi som stort sett berre dei rike landa har. Dei rike landa i nord har såleis drege "teknologistigen" opp etter seg, og land som no treng tilgang på teknologi får ikkje det fordi dei ikkje har råd til å betale lisens.
Anerkjennar ikkje tradisjonell kunnskap og opnar for gentjuveri
Samstundes anerkjennas ikkje tradisjonell kunnskap i møte med eit patentdirektiv laga på vestlege lands premisser. Krava TRIPS sett til å kunne ta patent baserast på bruk av vestleg kunnskap. Ein situasjon der mange av patenta som blir tatt er basert på kunnskap eller ressursar som kjem frå land i sør, og sidan dei som tar patent ikkje har plikt til å informere om opphavsland, opnar dette for gentjuveri. Dette gjer at ein i praksis får ei ressursoverføring frå sør til nord.
Fører til eit mindre biologisk mangfald
TRIPS-avtala fører også til eit mindre biologisk mangfald verda over, fordi konsekvensen av dagens patentsystem blir einsretting av til dømes kva kornsortar bønder nyttar.
Ei ressursoverføring frå sør til nord
Økonomisk er TRIPS ei katastrofe for fattige land. Sidan det er dei rike landa som sit med teknologien og høve til å gjere seg nytte av kunnskap, er det også dei som tener på å sele denne kunnskapen til fattige land. I mange høver kjem grunnlaget for denne kunnskapen frå naturressursar i dei fattige landa, utan at dette gjer dei rett til å ta del i profitten
TRIPS-avtala bør difor stadfeste at landet som ressursen blir henta ut i frå skal gje sitt informerte samtykke før det blir tale om å ta patent på kunnskapen. Vidare bør det innførast ein klausul om utbyttedeling, det vil seia at landet skal få sin rettmessige del av profitten frå salet av denne kunnskapen.
Tidlegare utrekningar viser at også Noreg tapar økonomisk på TRIPS-avtala, men fyrst og fremst er dette ei avtale som går ut over verdas fattige.