Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Er statsråden fornøgd med dagens praksis når det gjeld høve etter Utlendingsforskrifta til å ta "sterke menneskelege omsyn", eller kjem ho til å ta initiativ til å utdjupa forskrifta?
Begrunnelse
Fleire media har dei siste dagane fortalt om ei vietnamesisk kvinne som er skilt frå mannen sin etter 2 år og 8 månader, 4 månader før ho har høve til opphaldsløyve. Ho har mista barnet sitt. Barnet er gravlagt i Nittedal. Kvinna har fast arbeid og forsyter seg sjølv. Arbeidskollegar og ordførar reagerer på at det vert gjeve avslag på søknad om opphald, siste avslag er gjort av nemndleiar åleine.
Det ligg nær å hevda at måten denne kvinna vert møtt på, står i grell kontrast til det fokus som er i Noreg på sorgbearbeiding og oppfylging når eit barn døyr.
Denne saka er eit av fleire døme på at det er behov for ei nærare drøfting av kva omsyn som kan tilleggjast vekt under omgrepet "sterke menneskelege omsyn". Dette bør gjerast både av omsyn til den einskilde søkjar, men også av omsyn til dei mange sakshandsamarane som i dag synest å ha eit altfor omfattande ansvar. Eg oppmodar statsråden til eit positivt svar.