Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kva landkunnskap er det UDI baserer seg på når dei gir avslag på ein søknad om asyl for ei kvinne og to barn barn av Karachay-folket?
Begrunnelse
Eg viser til at statsråden ikkje kan gripa inn i einskildsaker, men at ho kan føreta prinsipielle vurderingar og endringar i forhold til UDI sin praksis. Eg er gjort kjent med ein søknad som har medført avslag frå UDI og der søkjarane er frå Kirgisistan og tilhøyrer minoritetsgruppa Karachayane. Amnesty International er ein av fleire organisasjonar som peikar på denne gruppa som utsett. Det er liten informasjon å finna om dette folkeslaget, men stor redsel for kva som kan skje frå den vesle familien dette gjeld om konsekvensane av utsending. Av omsyn til kvinna, barna og det lokale nettverket ho har i Noreg, ber eg statsråden grunngi korleis det kan vera trygt å senda desse tilbake til Kirgisistan.