Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:302 (2004-2005) Innlevert: 08.12.2004 Sendt: 09.12.2004 Besvart: 16.12.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Statsråden har dei siste vekene kome med ulike og til dels motstridande utsegn knytte til flytteprosessen av Luftfartstilsynet til Bodø. Det er viktig at ulike tiltak vert vurdert, og at konklusjonane vert gjort kjent for dei tilsette så snart som mogleg. Kan statsråden gjera greie for kva tiltak som er og vil verte sette i verk og korleis dette vert gjort kjent for dei tilsette, samt tiltak for å rekruttera nytt personell slik at tilsynet kan etablerast i Bodø som vedteke?
Torild Skogsholm: Stortinget har vedteke at Luftfartstilsynet skal flyttast til Bodø innan 1. januar 2007. For meg er det eit overordna mål at flytryggleiken ikkje skal svekkjast under flyttinga. Det har derfor vore viktig at Luftfartstilsynet skal fungere tilnærma normalt under flytteprosessen. Svært få av dei som i dag er tilsette i Luftfartstilsynet i Oslo, har signalisert at dei ønskjer å flytte med tilsynet til Bodø. Det har derfor vore nødvendig å rekruttere og lære opp nytt personell i Bodø, samstundes som ein held oppe organisasjonen i Oslo fram til det nye tilsynet i Bodø er klart til å ta over. Av dei 145 noverande stillingane i Luftfartstilsynet er 113 definerte som flyfaglege. Dette utgjer kjernekompetansen i tilsynet. For å bli tilsett i ei flyfagleg stilling krevst relevant yrkesrøynsle innan luftfart i tillegg til intern opplæring i tilsynet. Luftfartstilsynet har rekna det som vanskelegast å rekruttere denne type personell til Bodø. Dei resterande 32 stillingane er administrativt og juridisk personell som har vore rekna som lettare å rekruttere til Bodø.Som fyrste steg i flyttinga til Bodø lyste tilsynet i mars 2004 ut 34 flyfaglege stillingar med arbeidsstad Bodø. 18 medarbeidarar vart tilsett og kontor vart etablert i Bodø 1. oktober 2004. Av desse er 16 på plass i Bodø. I følgje ei evaluering som SINTEF har gjort på oppdrag av Samferdselsdepartementet, har ikkje tilsynet gjort nokre formelle feil i første rekrutteringsrunde. Luftfartstilsynet har vore kritisert for at det vart stilt for strenge krav til dei utlyste stillingane. SINTEF stadfestar at kvalifikasjonskrava i første rekrutteringsrunde var dei same som tidlegare, og at kompetansekrava elles var i tråd med internasjonale retningslinjer der slike ligg føre. Luftfartstilsynet starta 30. september 2004 sin andre rekrutteringsrunde, der i alt 40 flyfaglege stillingar vart lyste ut. For å sikre fleire kvalifiserte søkjarar, vart det opna for høgare løn og bruk av pendling, og dessutan leita meir aktivt etter aktuelle søkjarar i Noreg og utlandet. Talet på søkjarar gikk likevel monaleg ned, og interessa frå utlandet var lita. Av total 120 søkjarar er det 8 som har motteke tilbod om tilsetjing, og 2 som hittil har takka ja. Luftfartstilsynet opplyser at kvalifikasjonskrava var dei same i andre som i første rekrutteringsrunde, men at dei etter råd frå SINTEF vart gjort tydelegare.For å sikre at Luftfartstilsynet fungerer til den nye organisasjonen er på plass i Bodø, har det, som nemnd innleiingsvis, vore viktig å halde oppe organisasjonen i Oslo mellombels. Luftfartstilsynet etablerte derfor like etter flyttevedtaket eit bonusprogram for å halde på medarbeidarane i Oslo fram til 1. januar 2007. Likeeins er det gitt tilbod om bonus og andre ytingar til dei som vil flytte til Bodø. 32 medarbeidarar har likevel sagt opp etter at flyttevedtaket vart fatta. Det har vore vanskelig å fylle desse stillingane, og pr. i dag står 16 stillingar i Oslo ledige, dvs. drygt kvar tiande stilling. Dette dreier seg om 9 flyfaglege stillingar og 7 arkivmedarbeidarar. Arkivfunksjonen vert halden oppe gjennom leigde vikarar. Luftfartstilsynet har rekna med at det skal vere enklare å rekruttere administrativt og juridisk personell til Bodø, og har funne det føremålsteneleg å fylle opp hovuddelen av dei flyfaglege stillingane før ein begynner å rekruttere personell til dei ikkje-flyfaglege stillingane. I og med den lange opplæringstida for dei flyfaglege stillingane, og i og med at berre rundt ein femtedel av desse stillingane førebels er fylte opp i Bodø, vil det under alle omstende ikkje vere mogleg å få heile organisasjonen på plass i Bodø innan 1. januar 2007. Dette gjer det nødvendig å vurdere løysingar for å sikre at aktivitetsnivået i Luftfartstilsynet og dermed at tilsynet med flytryggleiken vert halde oppe dei neste åra. Eg tek sikte på raskt å komme attende til Stortinget med desse vurderingane. Ei rask avklaring av rammene for flytteprosessen er viktig også av omsyn til dei tilsette. Som eit strakstiltak har eg allereie funne det nødvendig å opne for at Luftfartstilsynet kan lyse ut tre stillingar på helikoptersida og to på luftdyktighet kor arbeidsstaden kan tilpassast den enkelte. Vidare har Luftfartstilsynet bedt Samferdselsdepartementet om å opne for at ei handfull andre stillingar kan få permanent arbeidsstad i Oslo. Denne førespurnaden er for tida til handsaming i departementet. Eg kan elles opplyse om at Luftfartstilsynet tidlegare, i forståing med Samferdselsdepartementet, har tilbode alle medarbeidarar som fyller 60 år innan 1. januar 2007, å fortsette og arbeide i Oslo til dei går av med pensjon. 27 medarbeidarar, eller om lag kvar femte tilsette, er omfatta av dette tilbodet. Luftfartstilsynet ventar at under 20 av desse vil fortsette etter den opphavelege flyttedatoen.