Jorunn Ringstad (Sp): Vil statsråden ta kontakt med dei involverte partar for å finne ei mellombels løysing på problema knytt til tunnelane på E134 over Haukeli og liknande strekningar, slik at næringslivet unngår dei akutte problem som ein no står overfor?
Begrunnelse
Dei siste vekene har det vore eit stort fokus på skjerpa kontrollar av vogntog på veg over E134, Haukelifjell. Dette på grunn av at mange bilar med høgde over 4 meter lenge har trossa forbodet på maks høgde i tunnelane, og køyrd sentrisk med for høge bilar.
E134 er ei svært viktig trafikkåre mellom Aust og Vestlandet, og denne vegen er svært viktig for næringstransport på begge sider av fjellet. Dette er også den av fjellovergangane som er mest open på vinterstid, og som vert rekna for ein sikker og trygg veg. Dersom ein skal velje andre ruter frå vest til aust, vil dette krevje opp mot 40 pst. lenger køyreveg. Dette skapar problem for næringslivet som har knappe leveringsfristar, og som vil få ein auka kostnad med ein lengre køyrestrekning.
Lastebileigarane har sjølve kome med forslag til mellombels løysingar, slik at ein kan ivareta både trafikktryggleik og næringa sitt ønskje om framleis å nytte E134. Det er mellom anna føreslege lysregulering, lågare fartsgrense, og overkøyring til faste tidspunkt. Dette vil ikkje vera permanente løysingar, men gi moglegheit til at både næring og styresmakter kan få tid til saman å finne gode løysingar for framtida.
Dersom ein skal finne omkøyringsvegar utanom E134, vil ein og kunne møte tunnelar med maks høgde 4 meter, og lastebilnæringa er difor usikre på kva som er dei reelle alternativa.
Per dags dato, er det akutte problem knytt til den skjerpa kontrollen som no er vedteken. For å finne løysingar som ikkje går ut over lovverket, men og ivareta næringslivet, er det naudsynt at ein får i stand ein dialog mellom dei involverte partar i saka.