Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:161 (2004-2005)
Innlevert: 04.11.2004
Sendt: 04.11.2004
Besvart: 12.11.2004 av arbeids- og sosialminister Dagfinn Høybråten

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Bergens Tidende (BT) har hatt ein del artiklar om innleigd arbeidskraft i fiskeriindustrien. Trass i at Profish på Sotra hevdar i BT at dei har eit permanent arbeidskraftbehov, nyttar firmaet seg av vikarer frå Litauen. Dette sparer Profish for nesten 2 mill. kr i året.
Meiner statsråden at dette er i strid med arbeidsmiljølova, og vil statsråden klargjera korleis kontrollen med desse arbeidsplassane skal føregå og kven som har ansvaret for å kontrollera bedrifter som bryt lov og regelverk?

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Fyrst vil eg presisere at reglane om innleie av arbeidstakarar i arbeidsmiljølova er av privatrettsleg karakter. Det betyr at eg ikkje kan ta stilling til om innleie er lovleg i ei konkret sak. Det er ei oppgåve for domstolen. Eg vil i det følgjande gi ei kort og generell rettleiing om innhaldet i regelverket.
Innleie av arbeidstakarar frå bedrifter som har til formål å drive utleige (vikarbyrå), er regulert i arbeidsmiljølova § 55K. Ifølgje § 55K nr. 1 er innleie som hovudregel berre tillate i same utstrekning som arbeidsgivar og arbeidstakar kan avtale mellombels tilsetjing etter arbeidsmiljølova § 58A nr. 1. Det er mellom anna høve til mellombels tilsetjing når karakteren av arbeidet tilseier det og arbeidet skil seg frå det som ordinært vert utført i bedrifta, samt der bedrifta treng vikarar. Ei bedrift kan som hovudregel ikkje nytte arbeidstakarar på mellombels tilsetjing til å utføre faste og jamlege oppgåver. Mellombels tilsetjing kan unntaksvis brukast for å ta unna toppar i drifta, til dømes ved sesongsvingingar innanfor varehandel, turistnæring og næringsmiddelindustrien. Arbeidsgivar kan også tilsetje mellombels for toppar som ikkje er sesongavhengige, dersom det er tale om kortvarige situasjonar som ein ikkje kunne vere førebudd på.
Av unntaket i § 55K nr. 2 følgjer det samtidig at dei lokale partane kan inngå avtale om innleie utover det som følgjer av dei ordinære vilkåra for mellombels tilsetjing. Dette gjeld berre innleiebedrifter som er bundne av ei tariffavtale. Arbeidsgivar må inngå ei skriftleg avtale med tillitsvalde som til saman representerer eit fleirtal av den arbeidstakarkategorien innleia gjeld. Ei slik avtale opnar for innleie av arbeidstakarar så lenge avtala berre gjeld for ein mellombels periode.
Dersom arbeidsgivar bryt innleieregelverket, kan arbeidstakaren fremje krav for domstolen om fast tilsetjing, jf. § 55K nr. 3 og 4.
Ein arbeidsgivar som opererer innafor det omtalte regelverket, kan etter EØS-utvidinga 1. mai 2004 fritt leige inn arbeidstakarar frå Litauen. Overgangsordninga med krav til norske lønns- og arbeidsvilkår og fulltidsstilling, som blei innført i samband med utvidinga, gjeld berre for dei arbeidstakarane som skal tilsetjast i norske bedrifter. Avtala om EØS-utvidinga gir ikkje heimel for å innføre ei overgangsordning for tenesteyting frå utsende arbeidstakarar på mellombels tenesteoppdrag eller sjølvstendig næringsdrivande.
Reglar om helse-, miljø og tryggleik samt arbeidstid i arbeidsmiljølovgivinga gjeld frå første dag for alle arbeidstakarar, også arbeidstakarar som er utsende på mellombels tenesteyting. Arbeidstilsynet skal føre tilsyn med reglane. Etter regelverket i arbeidsmiljølova om utsende arbeidstakarar gjeld også visse andre norske reglar, mellom anna om permisjonsrettar og ferie. Reglane er ei gjennomføring av eit EU-direktiv (Rådsdirektiv 96/71/EF om utsending av arbeidstakarar i samband med tenesteyting).
Det er inga allmenn regulering av lønn i Noreg. Å fastsetje lønn er tradisjonelt overlate til partane i arbeidslivet. I utgangspunktet er det såleis ingen generelle lovfesta skrankar mot at utsende arbeidstakarar på mellombels tenesteoppdrag kan arbeide på andre lønnsvilkår enn kva norske arbeidstakarar normalt har. Vi har likevel eit verkemiddel, det vil seie lov om allmenngjøring av tariffavtalar som blei vedteken i samband med inngåinga av EØS-avtala i 1994. Lova har nettopp til formål å hindre at utanlandske arbeidstakarar får lønns- og arbeidsvilkår som er dårlegare enn det som følgjer av norske tariffavtaler, og samtidig unngå uheldige konkurransevridingar.
Ein arbeidstakar - eller arbeidsgivarorganisasjon som er av ein viss storleik og som er part i ei landsomfattande tariffavtale, kan fremje krav for Tariffnemnda om at lønns- og arbeidsvilkår i tariffavtala skal gjerast gjeldande for alle arbeidstakarar som utfører arbeid av den art avtala omfattar. Eit slikt vedtak vil også omfatte utsende arbeidstakarar på mellombels tenesteoppdrag.
Tariffnemnda gjorde sitt aller første vedtak om allmenngjøring 11. november d.å. Vedtaket gjeld delvis allmenngjøring av tre tariffavtaler på sju petrokjemiske landanlegg, mellom anna Kårstø og Mongstad.
Frå 1. oktober 2004 har Arbeidstilsynet fått ansvar for å føre tilsyn med at bedriftene følgjer lønns- og arbeidsvilkår i allmenngjorde tariffavtaler. Petroleumstilsynet vil få tilsvarande oppgåver innanfor sine ansvarsområde, dvs. petroleumssektoren samt nokre av landanlegga.
Eg vil i tillegg nemne ILO-konvensjon 94 om arbeidsklausular i offentlege arbeidskontraktar. Konvensjonen, ratifisert av Noreg i 1996, skal sikre at lønns- og arbeidsvilkår i kontraktar det offentlege inngår i samband med kjøp av tenester, ikkje er dårlegare enn det som er normalt for vedkommande stad og yrke. Regjeringa har vedteke å gjennomføre konvensjonen i statlege innkjøpsinstruksar i løpet av hausten, og Moderniseringsdepartementet arbeider no med saka.
Eg viser dessutan til Ot.prp. nr. 77 (2003-2004) om tiltak for å hindre sosial dumping som blei vedteken i Stortinget 17. juni 2004. Tiltaka er følgde opp av Regjeringa.
Arbeidstilsynet har etter EØS-utvidinga også styrkt innsatsen i forhold til arbeidsmiljøet og trygginga for utanlandske arbeidstakarar. Det er behov for meir tilsyn og kontroll, særskilt mot nokre utvalde bransjar, så som bygg og anlegg, landbruk og hotell- og restaurantbransjen. Vidare har tilsynet fokus på rolla som såkalla "samarbeidskontor", med ansvar etter EU-direktivet om utsende arbeidstakarar for å informere om arbeids- og tilsetjingsforhold som gjeld i Noreg. Tilsynet har også styrkt innsatsen når det gjeld meir målretta informasjon til norske arbeidsgivarar og oppdragsgivarar som nyttar utanlandske arbeidstakarar.