Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Meiner statsråden det er rett sakshandsaming frå UDI si side dersom familiar som søkjer asyl vert splitta i ein intervjusituasjon slik at mindreårige vert intervjua utan at foreldra er til stades?
Begrunnelse
Eg viser til ei sak som har vore omtalt i media i Sogn og Fjordane den siste veka, og der både mora og advokaten meiner barna sin situasjon truleg ikkje er kome godt nok fram. Eg ber difor statsråden føreta naudsynt undersøking i forhold til desse opplysningane. Eg føreset at ho også, om ho finn det naudsynt, føretek dei presiseringar som skal til for å sikra ei trygg sakshandsaming.