Ranveig Frøiland (A): Vegdirektøren har i brev til kommunane i Hardanger gjeve melding om at riksveg 7, som inntil no har vore den sentrale delen i turistveg Hardanger, skal missa turistvegstatus. Dette strir mot alle kommunane og Hardangerrådet sine vedtak og ønskje. Dersom dette vedtaket blir i verksett, blir det ein dramatisk situasjon for reiselivet i Hardanger.
Er statsråden samd i dette vedtaket, eller vil ho ta initiativet til å vurdera saka etter reaksjonane frå eit samla Hordaland?
Begrunnelse
Riksveg 7 har vore skilta som turistveg frå 1997. Hardangerkommunane har i ein 10 års periode samarbeidd om og med Nasjonale Turistvegar, også økonomisk har kommunane delteke under føresetnad av at dette ikkje skulle vera eit kortvarig tiltak. Her har vore eit stort lokalt engasjement i denne saka, som Kvalitetsstyret og Vegdirektoratet totalt har oversett. I innstillinga til Nasjonal transportplan peikar samferdselskomiteen på betydinga av lokal deltaking for "å framheve det spesielle ved hver strekning". Det direktoratet har gjort er ikkje i tråd med lokale tilrådingar.