Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:798 (2003-2004)
Innlevert: 17.06.2004
Sendt: 18.06.2004
Besvart: 29.06.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Luftfarten i Noreg er inne i ein omfattande og krevjande omstillingsprosess. Konkurransen mellom flyselskapa er sterk, talet på norskeigde fly aukar og Avinor AS er inne i ein tøff omorganiserings- og nedbemanningsprosess. Samstundes er kapasiteten i Luftfartstilsynet redusert fordi mange har sagt opp. Dei kan melda om reduksjon i talet på tilsyn og auke i kor mange avvik dei avdekkar pr. tilsyna. Dette gjev grunn til uro.
Kva vil statsråden gjera for å forsikra seg om at dette ikkje går ut over tryggleiken i lufta?

Torild Skogsholm (V)

Svar

Torild Skogsholm: Først vil eg understreke at Regjeringa sin visjon om at det skal vere null alvorlege ulykker/ingen drepne og skadde i samferdslesektoren også gjeld for luftfart. Omsynet til at det skal vere trygt å reise med fly blir derfor høgt prioritert. Dette vil også gjelde i tida framover.
Eg deler oppfatninga di om at den sivile luftfarten i Noreg er inne i ein fase med store endringar og utfordringar. Dei store flyselskapa gjennomfører tiltak for å få billegare drift. Dessutan blir det skipa fleire nye selskap. Konkurransen blir hardare og prisen er ein vesentleg konkurransefaktor i denne samanheng. Under slike tilhøve er det særs viktig at Luftfartstilsynet kan utføre sine kontroll- og tilsynsoppgåver på ein fullt ut forsvarleg og effektiv måte.
Ut frå dei opplysningane eg har fått, har 24 av dei 145 tilsette i Luftfartstilsynet slutta etter at flyttinga ble vedteke. Tap av nøkkelkompetanse har negative følgjer som ikkje må undervurderast. I samband med den vedtekne flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø, er det sett i verk fleire tiltak av økonomisk og anna art for å kunne halde på fagkompetansen i Luftfartstilsynet til flyttinga er gjennomført. Likevel sluttar tilsette som ikkje ønskjer å bli med på flyttinga til Bodø, og det er få av dei som arbeider i Luftfartstilsynet i dag, som har sagt seg villige til å flytte til Bodø.
I den daglege drifta er konsekvensane at det blir gjennomført færre inspeksjonar i flyselskapa, i verkstadene o.a. Samstundes er det registrert at talet på avvik aukar i dei inspeksjonane som er gjennomførte.
Luftfartstilsynet har sett i gang ein prosess med å tilsette nytt fagpersonell som skal halde til i Bodø. Dette omfattar i alt 113 nye medarbeidarar med flyfagleg kompetanse. Å få tak i slik kompetanse vil vere avgjerande for om ein kan drive tilsynsverksemd med sivil luftfart. Ein utlysingsrunde er alt gjennomført og ein ny runde blir gjennomført etter sommarferien. Det er ein føresetnad at dei nye medarbeidarane som skal få stillingane, må fylle alle internasjonale krav til kompetanse og praksis, slik at omsynet til tryggleiken i luftfarten blir sikra på best mogleg måte. I den første utlysingsrunda kom det fram at det ikkje var mogleg å få tak i nok kompetente søkjarar.
Det er eit svært høgt nivå på tryggleiken i luftfarten. Dei internasjonale reglane som gjeld for aktørane i sivil luftfart, er omfattande og strenge. Det er derfor viktig at Luftfartstilsynet kan føre vidare ei slik fullgod kontrollverksemd med aktørane. Eg legg stor vekt på at Luftfartstilsynet skal fungere som normalt i flytteperioden, også innan dei fagområda der det har vist seg vanskeleg å rekruttere nytt personell. Departementet vil leggje mye arbeid i å følgje opp korleis det går vidare med rekrutteringa og kompetanseutviklinga i Luftfartstilsynet i samband med flyttinga.