Bjørn Jacobsen (SV): Har statsråden framleis ei overtyding om at 10 pst.-målet er realistisk, er statsråden, om naudsynt, villig til å bruke langt større ressursar for å nå målet og også utvirke til at Opplysningskontora innanfor gjeldande ramme skal informere om økologiske produkt samt at målretta arbeid mot barn og ungdom er eit riktig verkemiddel for å nå 10 pst.-målet, og vil statsråden, slik St.meld. nr. 19 kap 6.1.3 fastset, sjå til at Landbruksdepartementet (LD) samarbeider med Helsedepartementet (HD) slik at økologisk får ein naturleg plass i skolefruktordninga og seinare målretta ordningar?
Begrunnelse
Styresmaktene har gjennom St.meld. nr. 19 (1999-2000) Om norsk landbruk og matproduksjon vedteke ei målsetjing om at 10 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg skal være økologisk innan 2010, vel å merke under føresetnad av at det er grunnlag for dette i marknaden. Som lekk i dette er der utarbeidd Handlingsplan for økologisk produksjon og omsetning, der meir konkrete virkemiddel ar nedteikna. Ved utgangen av 2003 var 3 pst. av arealet omlagt til økologisk, noko som medfører ein årleg naudsynt auke på ca. 25 pst. for å nå målet. Slik det går fram av statistikken er ein ikkje i nærleiken av å nå målet etter dagens framdrift.
For å bygge ein marknad, slik nedfelt i handlingsplanen, må informasjon og målretta marknadsarbeid gå hand i hand. Ved styringsmaktene si hjelp er der skipa fleire Opplysningskontor, seinast for meieriprodukt, som er sett til å gi generisk informasjon om dei ymse matslaga. Så lenge disse kontora har eit delegert ansvar for marknadsbyggande informasjon finansiert over offentlege budsjett eller via omsetningsavgifter, er det logisk at styresmaktene går inn og gir instruks om at Opplysningskontora skal innlemme informasjon om økologiske produkt i si normale drift. Det er kjent at LD nyleg stoppa ein slik instruks drøfta i Omsetningsrådet (og Omsetningsrådets arbeidsutval).
I stortingsmeldinga kap. 6.1.3, fyrste og andre avsnitt, er der fastsett målretta arbeid for å forbetre kosthald og kosthaldsvanar. I skolefruktordninga har OFG gjort som best dei kan for å blokkere for inkludering av økologisk frukt og grønt som eit naturlig val for elevar/foreldre og skole. No er ansvaret flytta frå LD til HD, men likevel slik at LD og HD er forplikta til å samarbeide, ref. 6.1.3 i stortingsmeldinga. Så lenge denne stortingsmeldinga er heimel for Handlingsplanen for økologisk produksjon og omsetning er det naturleg at LD/HD nyttar seg av si instruksjonsmyndigheit overfor dei (OFG) som dagleg styrer og marknadsfører ordninga. Det same vil gjelde også for eit framtidig tilbod innanfor barnehagesektoren (ref. uttale frå SHdir), om at dei vurderer ei barnehageordning på linje med skolefruktordninga. Så lenge handlingsplanen si målsetjing er avgrensa av at marknaden etterspør varene, er det viktig at kosthaldsvanene og preferansane vert lagt tidleg. Helseministeren har i Stortinget som svar til underteikna sagt at kosthaldsvanane vert danna tidleg.
Dei store marknadsaktørane, då særskilt Norsk Kjøtt/Gilde og TINE, har i beste fall synt manglande evne til å få dei økologiske råvarene fram til marknaden som økologisk. Disse sitt dilemma kan være at dersom dei skal fremme informasjon om at økologiske produkt er framtidsretta (les statsråden si tale 5. november 2003) så vil dei uvilkårlig sei noko om dei konvensjonelle produkta, som i lang tid vil utgjere hovudtyngda av aktiviteten.
I protokollen frå siste jordbruksforhandlingane tyder det at LD har endra retning idet dei same marknadsaktørane er utpeika til å være dei lokomotiva som skal utvirke at 10 pst.-målet vert nådd. Like så seier protokollen at primærprodusentane kan komme til å bli pålagde å inngå i heilkjedeavtaler eller kontraktsdyrke for å kvalifisere til omleggingsstøtte. Talet på tvilarar vil kanskje då ikkje minke.
Det er tydeleg at LD halvvegs inn i handlingsplanperioden ikkje har eintydig staka ut den retninga som må til for å nå 10 pst.-målet.