Sigrun Eng (A): Kan fylkeslegen, som i dette tilfelle er allmennpraktikar, overprøve spesialistvurderingen av ein pasient, og på dette grunnlag avslå fornying av førarkort og køyreseidel og dermed skyve vedkomande ut i arbeidsledigheit eller på trygd?
Begrunnelse
Sjåføren finn avslag på alle andre sertifikat og køyreseidel for buss heilt urimeleg. Han sit no att med sertifikat for personbil. Etter to infarkt i 1995 og 1998 og bypassoperasjon i 2000 er karakteristikken ifrå spesialistar som har hatt vedkomande både til behandling og etterkontroll, du er frisk! Du er friskare enn dei fleste på din alder, for du har fått utbetra feilen. Det verkar ikkje som brev ifrå spesialisten i høve ankehandsaminga har gitt tilstrekkeleg informasjon, ei heller har nokon tatt kontakt direkte, som dei oppfordra til. Ein kan freistas til å meine at praksis er forskjellig ifrå fylke til fylke. Fleire buss-sjåførar med infarkt, men kraftig sukkersjuke eller som har hatt slag er sjåførar i dag. Er dei ei mindre fare i trafikken enn ein som er erklært frisk! Vedkomande har dei siste åra ikkje vore vekke ein dag ifrå arbeid. Tvert imot var nettopp det å få køyre turbuss noko som gav livet meining. Når sertifikatet er inndratt, og utsiktene vidare er trygd, kva har ein så oppnådd? Jau, ein ny i rekkene av trygdemottakar, til tross for at spesiallegen erklærer han frisk. Det er lett å forstå at mannen ser mørkt på situasjonen sin. Det kan og opplysast at vedkommande vil ta alle dei prøver som er nødvendig på nytt og akseptere utfallet av dei. Men enn så lenge, verkar saka berre byråkratisk, utan skjønn for at pasienten no ikkje er det lengre, men friskmeldt.