Skriftlig spørsmål fra Ranveig Frøiland (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:570 (2003-2004)
Innlevert: 31.03.2004
Sendt: 31.03.2004
Besvart: 02.04.2004 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

Ranveig Frøiland (A)

Spørsmål

Ranveig Frøiland (A): Oljevernet i høgrisikoområdet Mongstad-Sture-Fedje vert no bygd ned som følgje av at depotet vert flytta frå Fedje.
Kven er det som skal bera utgiftene til det såkalla mellomdepotet, er dette knytt til ein statleg depotstyrke, og vil fiskeriministeren vurdera å handsama dei spørsmåla i samband med oljevernmeldinga som skal fremjast for Stortinget i år?

Begrunnelse

Mongstad-Sture er Nord-Europas nest mest trafikkerte hamn. Her går store oljetankarar i leia kvar dag. Oljevernberedskapen er svært viktig i dette høgrisikoområdet. Fiskeriministeren har godkjent å flytte det statlege oljeverndepotet frå Fedje. Det såkalla mellomdepotet som skal plasserast på Fedje, er vesentleg mindre i omfang enn det statlege depotet.

Svein Ludvigsen (H)

Svar

Svein Ludvigsen: Fiskeridepartementet har det overorda ansvaret for at vi har ein tilfredsstillande statleg oljevernberedskap som ikkje berre vernar enkelte spesielle risikoområde, men som skal dekkje heile kysten. Konsekvensane av eit oljeutslepp vil kunne bli omfattande uansett kvar hendinga skjer. Beredskapen må derfor vere på eit akseptabelt nivå langs heile kysten.
Risiko- og beredskapsanalysar har synt at det er nok oljevernutstyr i det aktuelle området og at hovuddepotet på Fedje burde flyttast til Florø. Dette har Stortinget slutta seg til i samband med handsaminga av Dokument nr. 8:128 (2002-2003) og Dokument nr. 8:135 (2002-2003). I Innst. S. nr. 16 (2003-2004), viser fleirtalet, mellom dei Arbeidarpartiet, til Regjeringa si avgjerd om at det vil bli oppretta eit statleg mellomdepotet på Fedje:

"Flertallet viser til at Fiskeridepartementet har bestemt at hoveddepotet på Fedje skal flyttes til Florø. Flyttingen er begrunnet med behovet for å redusere reaksjonstiden mot områdene nordover mot Stad. Samtidig er det betydelige private ressurser og privat oljevernberedskap knyttet til aktivitetene på Sture og Mongstad, i tillegg til at kommuner kan bidra. I svarbrevet av 15. september 2003 varslet Fiskeridepartementet at depotet på Fedje vil bli videreført som mellomdepot.
Flertallet mener på bakgrunn av denne informasjonen at oljevernberedskapen i Nordhordland er tilfredsstillende og at endringene som Fiskeridepartementet har vedtatt, vil styrke beredskapen i området."

Kystverket har i dag avtalar med fire interkommunale utval mot akutt forureining (IUA) om mellomdepot. Fem IUA-avtaler er på høyring. Utstyr til dei statlege mellomdepota vert dekka av staten. Staten dekkjer òg frakt til lagringsplass og støtter ombygging med vidare av depot/lagerhall eller liknande med inntil 100 000 kr. Utstyret kan eventuelt lagrast i tre-fire containerar, der den eine bør vere oppvarma. Staten dekkjer innkjøp av containerar. I tillegg dekkjer staten opplæringskostnader for mannskap som skal bruke utstyret, og vil dekkje større vedlikehaldsoppgåver og reparasjonar som ikkje skuldast elde. I tillegg dekkjer staten alle utgifter IUA måtte ha for mannskap i samband med statlige aksjonar og øvingar. Staten dekkjer òg utgifter ved erstatning av utstyr og reparasjonar av øydelagt utstyr i samband med statlige aksjoner og øvingar.
IUA dekkjer utgifter i samband med lagring og vanleg vedlikehald av utstyret. Vidare dekkjer IUA utgifter for eige personell i samband med eigne øvingar med utstyret, og dekkjer sjølv skader på utstyret som oppstår i samband med eigne øvingar og aksjonar, og som skuldast uforsiktigheit eller aktløyse. Desse kostnadane vert fordelt på medlemskommunane i det interkommunal utvalet.
For IUA inneber opprettinga av eit mellomdepot at dei kan rekne dette utstyret inn som ein del av eigen beredskap og nytte utstyret under eigne øvingar og aksjonar. Det betyr at IUA ikkje treng å investere i like mykje i oljevernutstyr som dei elles måtte og gi rom til omprioriteringar til for eksempel kjemikalievernutstyr eller anna utstyr.
Det er ikkje knytt ein eigen depotstyrke til mellomdepotet. Når IUA kan rekne utstyret som sine eigne ressursar, blir det lagt til grunn at IUA sine depotstyrkar vil ta utstyret i bruk under eigne og statlege aksjonar. Opplæringa vil staten stå for.
I stortingsmeldinga, som skal omfatta både sjøtryggleik og oljevernberedskap, vil den samla oljevernberedskapen bli vurdert. Som del av dette vil det bli vurdert om det som følgje av utviklinga bør føretas endringar i oljevernberedskapen.