Rita Tveiten (A): Vil statsråden oppretthalda tidsfaktoren som var knytt til HV-09s flytteplanar til Bergenhus Festning for å unngå nye leigekostnader, og kva for ressursar stiller statsråden til disposisjon for Forsvarsbygg slik at lokala på Bergenhus Festning er i forsvarleg stand før eventuell innflytting av den nye distriktsstaben?
Begrunnelse
Både i St.prp. nr. 42 (2003-2004) og i tidlegare svar til Marit Nybakk har statsråden gjort det klart at den nye distriktsstaben for Hordaland og deler av Sogn og Fjordane, inkludert det tidlegare HV-09, bør lokaliserast på Bergenhus Festning. I Forsvarsdepartementets svar til Marit Nybakk går det fram at "Det vil bli arbeidet aktivt med å få til ei ordning med fremleie av lokalene i Åsane slik at flyttingen kan skje tidligst mulig, uten at Forsvaret havner i en situasjon hvor det må betales leie for en bygningsmasse som er fraflyttet". Bygningsmassen det blir vist til her er lokala som HV-09 leiger i dag i Storbotn i Åsane. Leigeforholdet i Storbotn varar, ref. Marit Nybakk sitt spørsmål, til 15. april 2005, ein dato som ikkje blir korrigert i svaret frå departementet. Det er derfor truleg at statsråden hadde planlagt å flytta staben i HV-09 inn på Bergenhus før 15. april 2005, for å unngå nye leigekostnader.
Etter det eg kjenner til finst det eigne planar i Forsvarsbygg som er knytt til bruken av dei lokala på Bergenhus Festning som er tiltenkt den nye distriktsstaben. I tillegg til eventuelle kostnadar til oppussing vil jo dette også medføra utgifter til leige av andre lokale for Forsvarsbygg, før distriksstaben eventuelt kan flytta inn på Bergenhus.