Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:358 (2003-2004) Innlevert: 09.02.2004 Sendt: 09.02.2004 Besvart: 17.02.2004 av samferdselsminister Torild Skogsholm
Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Omlegging av kontrollsentralar i luftfarten er teknisk svært omfattande operasjonar, og det er avgjerande for tryggleiken at dette skjer på ein forsvarleg måte. Tilsette i Avinor AS har peika på at planar om gjennomføring av reduksjon av talet på sentralar i Noreg frå 4 til 2 har eit for høgt tempo. På kva måte vil statsråden sikra at eventuelle endringar skjer på ein forsvarleg måte?
Torild Skogsholm: Eg er samd i at omlegginga frå 4 til 2 kontrollsentralar er ei omfattande sak, og at tryggleiken i flytrafikken må takast hand om. Det er Luftfartstilsynet som set funksjonelle krav med omsyn til kontrollsentralar og navigasjonsanlegg, og med omsyn til luftrafikktenesta i undervegstrafikken. Avinor har som eigar og operatør sjølv ansvaret for bl.a. å utarbeide opplegg for systemtilsyn med at alt utstyr fungerar etter føresetnadene, og i samsvar med dei krava som er stilt. Dette set store krav til Luftfartstilsynet sitt arbeid som styresmakt og overordna tilsyn, og i Avinor sitt arbeid med val av utstyr og driftsopplegg, og som dagleg operatør. Eg legg til grunn, som nemnt i svaret på spørsmål nr. 331, at alle tiltak som krev godkjenning frå Luftfartstilsynet, må ha slik godkjenning før tiltaka blir sett i verk, og at framdrifta i omstillingsprosessen må innrettast etter det.