Skriftlig spørsmål fra Jorunn Ringstad (Sp) til helseministeren

Dokument nr. 15:284 (2003-2004)
Innlevert: 20.01.2004
Sendt: 20.01.2004
Besvart: 22.01.2004 av helseminister Dagfinn Høybråten

Jorunn Ringstad (Sp)

Spørsmål

Jorunn Ringstad (Sp): Førde har snart fått bygd ferdig ei ungdomspsykiatrisk avdeling til 35 mill. kr for å kunne prioritere ungdom med psykiske problem i fylket. Regjeringa har ofte hevda at psykiatrien er deira satsingsområde når det gjeld helse.
Kva vil statsråden gjere i sambande med det ungdomspsykiatriske tilbodet i Sogn og Fjordane, som er det einaste fylket utan ein eigen psykiatrisk avdeling for ungdom?

Begrunnelse

Helse Førde og Helse Vest har no fått snart fått bygd ferdig eit psykiatrisk senter for ungdom, men til no har ein ikkje satt av pengar til drift av dette tilbodet. Både sosialkomiteen på Stortinget, helseministeren og Senterpartiet har hevda at behovet for auka ressursar er størst i barne- og ungdomspsykiatrien. Når ein no har fått bygd eit senter er det difor vanskeleg å forstå at det ikkje finst pengar til drift av dette nye tilbodet.

Dagfinn Høybråten (KrF)

Svar

Dagfinn Høybråten: Helsedepartementet har det overordna ansvaret for at den offentlege helsetenesta fungerer i samsvar med dei fastsette måla for helsepolitikken. Gjennom føretaksmodellen er det etablert eit system med desentraliserte ansvarsposisjonar for å følgje opp dette ansvaret, utan at det opphevar Helsedepartementet sitt ansvar. Det følgjer òg av modellen at Helsedepartementet si styring og oppfølging skal skje overfor de regionale helseføretaka for tilhøve som gjeld helseføretaka. Departementet si styring skjer mellom anna gjennom det årlege styringsdokumentet til kvart av dei regionale helseføretaket. I styringsdokumenta for 2004 er det serleg lagd vekt på at helseføretaka skal følgje dei intensjonane som ligg i Opptrappingsplanen for psykisk helse, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (kap. 743).
Opptrappingsplanen inneber at dei regionale helseføretaka blir tilført middel til investeringane dei skal gjennomføre, samt driftsmiddel. Midlane blir tilført over opptrappingsplansperioden. Det er derfor viktig at det enkelte regionale helseføretak planlegg innfasinga av kvart enkelt investeringsprosjekt godt, slik at ein har driftsmiddel til ferdigstilte prosjekt. Med omsyn til nybygg i psykiatrien, er vi framleis i ei overgangsfase. Bygg som blei påbegynt under det tidlegare fylkeskommunale eigarskapet blir nå ferdigstilte, og helseføretaka har ansvaret for at bygga blir tekne i bruk så snart det er praktisk mulig.
Mi klåre melding til helseføretaka er at intensjonane i opptrappingsplanen skal følgjast. Vidare er det sjølvsagt at nye bygg ikkje skal stå tomme. Både Helse Førde og Helse Vest RHF er klar over dette. Eg er gjort kjend med at Helse Førde og Helse Vest har funne fram til ei løysing for 2004, slik at ein kan ta dette bygget i bruk. Budsjettsituasjonen ved Helse Førde er oppe til handsaming på styremøtet i Helse Vest RHF den 29. januar, der løysninga må avklarast og godkjennast.