Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Statsministaren la i nyttårstalen sin vekt på psykisk helsevern og den vedtekne opptrappingsplanen. Parallelt med dette vert det meldt om planar om innskrenking/nedlegging av tilbod, m.a. på Vestlandet.
På kva måte vil statsråden sikra at ingen nedbygging finn stad før eit godt tilbod er bygd opp og gjort tilgjengeleg, og kva initiativ vil han ta for å forsikra seg om at det vert ei reell opptrapping av psykiatrien på alle nivå?
Begrunnelse
I Helse Fonna er det gjort framlegg om å leggja ned Bjødnateigen Psykiatriske Senter i Suldal frå 1. halvår 2004. Saka skulle vore handsame på møte før jul, men er nå utsett til neste møte. Likevel, altså før saka er formelt handsama, er leigeavtalen med Suldal kommune sagt opp. Dette gjer pasientar og pårørande utrygge. Tilbodet er tenkt erstatta av eit tilbod i Haugesund, noko som gjer det vanskeleg med kontakt med pårørande og eit tett samspel med kommunale tenestar.
I "MiniPulsen" som er internt info-organ for Helse Stavanger HF, går det fram at psykiatrisk klinikk ved SiR skal redusera talet på tilsette med 7 pleiemedarbeidarar. Dette har fått Mental Helse i Sandnes til å reagera.
Både Suldal kommune og Mental Helse viser i notat til at Helsedepartementet i brev til dei regionale helseføretaka av 9. desember 2003 har kome med fylgjande styringssignal:
"ingen nedbygging kan finne sted før alternativt tilbud er bygd opp og dermed gjort tilgjengelig".
Og vidare:
"Signaler som departementet mottar kan tyde på at det fortsatt er forbedringspunkter hva gjelder samarbeidet med kommunene. Foretakene vil derfor bli tillagt et særlig ansvar for å utvikle samarbeidet."
Dette tykkjest å ha svikta i Suldal. Kommunen har rett nok nå fått avtale med Helse Fonna, men foretaket har sjølv ikkje teke initiativ til slik kontakt. Det er vanskeleg å lesa ut av den interne informasjonen kva som er gjort knytta til nedbemanninga ved SiR.
Kombinasjonen av fokus på opptrapping og meldingar om nedlegging og nedbemanning gjer at folk vert forvirra og pasientar og pårørande usikre. Eg vonar at statsråden kan ordna opp i dette.