Ingrid I. Opedal (SV): I min heimkommune er det mange festetomter. Tomteprisane i sentrum er svært høge. Kombinert med ei tomtefestelov som gjev grunneigar høve til å regulere tomtefesteleige/sal etter marknadsprisen, har dette resultert i urimeleg stor prisauke både for festeavgift og for eventuell innløysing. Eg kjenner til at det i løpet av hausten kjem eit framlegg om lovendring, som tek sikte på å regulere prisane for leige og kjøp av festetomter.
Vil justisministeren støtte eit slikt framlegg?
Begrunnelse
1. januar 2002 vedtok Stortinget ei ny lov om tomtefeste. Mange som sit med festetomt gledde seg til å få regulert prisnivået på leige, eventuelt innløysing av tomta dei har budd på i mange år. Slik vart det ikkje. Tvert imot vart resultatet auka utryggleik på grunn av døme på urimeleg prisauke på festeavgifter/innløysing. Særleg i kommunar der tomteprisen i utgangspunktet er høg, kan dette gje svært store utslag. Lova synest altså å vere for svak til å regulere marknadskreftene, og overlet til den einskilde grunneigar sin velvilje å vurdere kva som er rimeleg. Vi kjenner til at Arbeiderpartiet har gjort framlegg om å endre lova slik at tomtefestar får rett til å kjøpe tomta dei festar, at prisen skal vere 25 gonger årleg festeleige og at det skal setjast ei øvre grense for kor mykje grunneigar kan ta seg betalt. Dette er ei sak som vedkjem svært mange som har bygt hus på festetomt, og eg vil gjerne vite om justisministeren ser det urimelege i dette, og om han vil støtte lovendringsframlegget frå Arbeiderpartiet når dette vert lagt fram for Stortinget seinare i haust.