Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:633 (2002-2003)
Innlevert: 04.06.2003
Sendt: 04.06.2003
Besvart: 10.06.2003 av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Vil statsråden ta initiativ til å skaffa seg oversikt over kor mange vaksne med rett til vidaregåande opplæring, som har teke slik utdanning etter at slik rett vart gitt alle vaksne, født før 1978, utan fullført vidaregåande utdanning, og vil statsråden på den bakgrunn ta initiativ til ein tiltaksplan for å gje dei som ynskjer det tilbod innan ei avgrensa tid?

Begrunnelse

Eg syner til liknande spørsmål stilt i spørjetimen i fjor vår. Statsråden hadde då ikkje oversikt over kor mange som hadde gjort seg nytte av tilbodet så langt. I ein artikkel i Aftenposten av 19. mai 2003 går det fram av intervju med statssekretær Helge Ole Bergesen at Utdanningsdepartementet heller ikkje nå har oversikt over kor mange som har nytta seg av kompetansereforma. Departementet har heller ikkje oversikt over kor mange som står i kø, kor mange som har venta o.a. Ei undersøking i 1997 synte at ca. 250 000 ynskjer å fullføra vidaregåande opplæring. Det tykkjest maktpåliggjande å få oversikt over kor mange som har nytta seg av tilbodet, kor mange som ventar på tilbod og på bakgrunn av dette laga ein plan for korleis ein skal kunna oppnå målet om å gje alle som ynskjer det tilbod innan ei fastsett tid. Utan eit slik initiativ er den lovfesta retten berre ein rett til å stå i kø, slik også statssekretær Bergesen uttrykkjer det i same intervju.

Kristin Clemet (H)

Svar

Kristin Clemet: For å følgje korleis retten til grunnskule- og vidaregåande opplæring for vaksne blir handtert, har departementet sett i gang eit prosjekt for å kartleggje kor mange vaksne som nyttar opplæringsretten. Prosjektet ser på kva slags grupper som nyttar retten, kva slags fag dei tar, kor nøgde dei er med opplæringa, korleis kommunar og fylkeskommunar organiserer opplegget med vidare. I samband med dette arbeidet vert og nye tiltak og konsekvensar for kommunar og fylkeskommunar vurdert. Dei fyrste resultata frå prosjektet vil kome hausten 2003, og denne delen av undersøkinga vert avslutta våren 2004.