Sigvald Oppebøen Hansen (A): Korleis vil berekningane bli for fylkeskommunane, og kva er tidsplanen for når departementet skal tildele midlar til drift av teknisk fagskule i skuleåret 2003/2004?
Begrunnelse
Det er vedteke at staten skal ta over ansvaret for økonomien for dei tekniske fagskulane. Vidare er det gjort eit overslag over kor mange studentar som gjekk i tekniske fagskular etter KOSTRA-innrapportering pr. 1. oktober 2001.
Fylkeskommunane blei trekt eit forholdsbeløp som kunne tilbakeførast dersom fylkeskommunane ønska å drive teknisk fagskule.
Under behandling av Ot.prp. nr. 32 om lov om fagskoleutdanning, blei det både i innstilling og i debatten i Odelstinget peika på at enkelte av KOSTRA-tala var fel.
Eg er kjent med at departementet ikkje har vore viljug til å endre talmateriell etter å ha blitt kontakta av fylkeskommunane. Nokon fylkeskommunar er blitt trekt for lite, noko som fører med seg at dei får fot lite midlar tilbakeført for å drive teknisk fagskule med god nok kapasitet. Dette er tilfelle for Telemark tekniske fagskule. KOSTRA meiner at skulen hadde 72 studentar på 1. oktober 2001, mens det reelle talet var 108 studentar til 120 plassar. Det kan tyde på at KOSTRA-tala ikkje har vore kvalitetssikra nok og kan vere feil for fleire fylkeskommunar og tekniske fagskular.