Reidar Sandal (A): Eg viser til spørsmåla frå kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad som er siterte i grunngjevinga mi.
Vil svar på spørsmåla liggje føre innan utgangen av inneverande månad?
Begrunnelse
Kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad har sett i gang arbeid med å få utgreidd følgjene av ei eventuell kommunesamanslåing. Ulike variantar er utgreidde, og ei styringsgruppe under leiing av fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vore i arbeid.
Styringsgruppa konkluderte med at det bør haldast folkeavrøysting om samanslåing av dei tre kommunane, men først etter at spørsmålet om bygging av Dalsfjordbrua er avklara.
I skriv datert 12. mars 2002 til kommunal- og regionalministeren og samferdsleministeren har ordførarane i dei aktuelle kommunane bede om avklaring på følgjande spørsmål: "Korleis stiller Regjeringa seg til å la samfunnsøkonomiske innsparingar ved kommunesamanslåing gå inn som delfinansiering av vegprosjekt? Korleis vurderer Regjeringa finansiering og framskunding av Dalsfjordsambandet i samband med samanslåing av kommunane Askvoll, Hyllestad og Fjaler?"
Det blir elles vist til møte om saka med statsrådane Skogsholm og Solberg 16. april 2002.
Etter det eg har fått opplyst, blei ordførarane stilte i utsikt ei vurdering av saka frå Regjeringa si side. Det skulle skje snarast og seinast i samband med framlegging av statsbudsjettet for 2003.
Saka har elles vore teken opp i skriv til dei nemnde statsrådane 4. juli og 22. august 2002 utan at svar ligg føre. Etter det eg kan sjå, er saka heller ikkje vurdert i statsbudsjettet for 2003.
Ei avklaring frå Regjeringa si side har svært mykje å seie for den vidare framdrift i saka. På dette grunnlaget ber eg om at det snarast blir gitt svar på førespurnaden frå kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad.