Sigvald Oppebøen Hansen (A): Vil Regjeringa endre dei krav som blir kravd ved konsesjon til telenett og teleoperatørselskap slik at naudmeldingsnummer blir prioritert i telenettet, og kva vil statsråden gjere slik at dei aller fleste innbyggjarar i landet kan få alternative telekommunikasjonsvegar?
Begrunnelse
Naudmeldingstenesta i Noreg har blitt kraftig sentralisert i dei seinaste åra. Politireforma aleine halverte talet på 112-sentralar, og talet på interkommunale brannvarslingssentralar (110-sentralar) er også blitt færre. I Telemark er talet på 112-sentralar redusert frå fem til éin, og talet på 110-sentralar er redusert frå fem til to. Ved fleire høve i Telemark har publikum ifølgje dagspressa hatt problem med å nå fram til dei tre naudnummera 110, 112 og 113 i naudstilfelle. Dette skjedde i mars og i juli 2002. Slik eg oppfattar det, har ikkje naudnummera prioritet i telenettet. Dette kan vere ei av årsaka til at ein frå tid til anna ikkje kjem fram på naudnummera. Enkelte episodar, der til dømes kablar av ein eller anna grunn er kutta, har vist at så mykje som 6-7 pst. av Telemark sin befolkning ikkje har to alternative ruter når dei skal melde akutt fare over naudnummera. I juli i år skapa dette problem over fleire dagar etter kabelkutt i Nome kommune. Sett i samanheng med nemnde sentralisering av naudmeldinga, skapar dette utryggleik for befolkninga. I eit moderne samfunn, der ein baserer mykje av kommunikasjonen på telenettet sine fastliner og radioliner, bør det vere ein sjølvsagt ting at naudmeldingar blir gitt prioritet og at det finnast alternative vegar gjennom nettet for alle.