Petter Løvik (H): NRK har i dag gått ut med eit notat frå Luftfartsverket med planer om framtidige strukturendringar for flyplassane. Etter notatet har m.a. Ørsta-Volda lufthamn 1. prioritet for nedlegging, medan Molde og Kristiansund blir foreslått overført til regionalnettet. NRK Sogn og Fjordane hevdar at Luftfartsverket har sagt det ikkje finst eit slikt notat og at samferdselsministeren seier han ikkje har sett det.
Kva er statsråden sin kommentar til dette?
Begrunnelse
Det har lenge gått rykte om at det finst ei "dødsliste" i Luftfartsverket når det gjeld strukturendringar for ein del flyplassar. Stortinget, inklusive statsråden sitt eige parti, har i innstillinga til Nasjonal Transportplan bedt om ein gjennomgang av småflyplassane (dei regionale flyplassane) for å vurdere strukturen på regionalnettet.
Når NRK Sogn og Fjordane nå har fått fatt i eit notat frå Luftfartsverket som ifølge NRK Sogn og Fjordane "Luftfartsverket har avvist finst, og som Samferdsleministeren ikkje har sett", gir dette grunn til uro over den prosessen som synest å vere i gang.
Det skaper uro i Møre og Romsdal dersom det verkeleg blir arbeidt med planer om å legge ned Ørsta-Volda Lufthamn og gjere Molde og Kristiansund om til regionale flyplassar. Folk i Møre og Romsdal har krav på ein kommentar frå statsråden om dette.