Sverre J. Hoddevik (H): I svar på spørsmål om merkeregistrering av fartøyet Vikholmen viser dep. til vedtak av 21/9 2000 der krav om ervervsløyve vert avvist. Eg meinar det er oppsiktsvekkjande at dep. dermed lar saka endre karakter frå ein ankesak om merkeregistrering etter lov av 5/12 1917 til ein søknad om ervervsløyve etter deltakarlova som fyrst trådte i kraft 1/1 2000.
Med kva rett har dep. endra saksobjektet frå å vere ei ankesak til å vere eit svar på ein søknad om ervervsløyve dei aldri har motteke?
Begrunnelse
25. mai stilte eg skriftleg spørsmål til Fiskeriministeren om kvifor Fiskeridepartementet ikkje har svart på ankesak om merkeregistrering for fartøyet Vikholmen. 30. mai svarte statsråden at departementet gjorde endeleg vedtak i saka 21. september 2000. Det går fram av det vedlagde svaret at departementet ikkje har svart på søknaden om merkeregistrering, men i staden har handla som om saka gjaldt krav om ervervsløyve. Eg finn det oppsiktsvekkjande at departementet på denne måten let saka endre karakter frå å vere ei ankesak over eit tidlegare vedtak om merkeregistrering etter lov av 5/12 1917 til å bli ein søknad om ervervsløyve etter Lov om retten til å delta i fiske og fangst av 26. mars 1999.
Departementet skriv i avgjerda at reglane i deltakarlova vil komme til anvending i denne saka. Dette er vondt å forstå all den tid deltakarlova ikkje trådte i kraft før 1/1 2000. Spørsmålet som låg til ankehandsaming i departementet var ikkje ein søknad om ervervsløyve, men om den opphavlege sakshandsaminga av fiskerirettleiaren i vedkommande distrikt skjedde i tråd med Lov om merkeregistrering av 5. desember 1917, som var den loven som gjaldt på den tida. Korleis departementet kan oppretthalde eit vedtak om å nekte merkeregistrering ved å avslå ein søknad om ervervsløyve dei aldri har fått krevjar ei forklaring.