Jorunn Ringstad (Sp): Samferdselsminister Terje Moe Gustavsen sa i svaret sitt i muntleg spørjetime 16. mai at ein har vurdert einskilde dispensasjonssøknader i forhold til Posten sitt konsesjonskrav om å tilby basistenesta post til/fra utlandet i Post i Butikk.
Vi ber om å få oversikt over kva dispensasjonssøknader det blir vist til, og vil samferdselsministeren ta omsyn til samferdselskomiteen sin klare understreking av at det ikkje skal lempast på servicekrava slik dei er fastsatt i konsesjonen?
Begrunnelse
Det kjem no meldingar frå mange plassar i landet om at svært mange av dei Post i Butikk som etablerte, har svært avgrensa tenestetilbod. I samband med stortingetshandsaminga av omlegging av Posten sitt ekspedisjonsnett vart det frå fleirtalet i samferdselskomiteen lagt til grunn at det nye ekspedisjonsnettet skulle gje auka tilgjengelighet og betre service for postkundane. Det vart m.a. understreka følgjande frå fleirtalet si side: "Flertallet forutsetter at Posten også etter omleggingen skal sikre oppfyllingen av konsesjonskravene, herunder at alle basistjenester og grunnleggende banktjenester er tilgjengelig i alle landets kommuner, at det i hver kommune skal være minst ett postkontor eller kontraktspostkontor som tilbyr alle basistjenester og grunnleggende banktjenester. Dette innebærer også at øvrige servicekrav mht. tjenestetilbud, framsendingstider, postomdeling m.v. må oppfylles."
I følgje konsesjonskravet til Posten høyrer følgjande til basistenestene:
- brevpost inntil 2 kg, der følgjande sendingstyper skal tilbys:
- prioritert brevpost
- ikkje prioritert brevpost
- massesendingar
- rekommandert post
- verdipost
-avis og blad i abonnement inntil 2 kg
-lettgods inntil 20 kg
-post til/fra utlandet inntil 20 kg
Eg vil også vise til fleirtalsmerknaden i Innst. S.nr. 248 (1999-2000) der følgjande vart presisert: "Flertallet slutter seg til departementets vurdering om at det ikke er aktuelt å lempe på servicekravene, slik det er fastsatt i konsesjonen til Posten. Flertallet legger til grunn at Posten også etter omleggingen må oppfylle konsesjonskravene."