Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:376 (2000-2001) Innlevert: 09.05.2001 Sendt: 10.05.2001 Besvart: 15.05.2001 av olje- og energiminister Olav Akselsen
Einar Steensnæs (KrF): I forbindelse med tillatelse til seismiske undersøkelser EBS00 ved TGS-Nopec, har Sør-Norges Trålerlag lagt inn protest. Tobisfisket har vært svært dårlig de to siste årene, og en seismisk undersøkelse som omsøkt vil kunne ødelegge alle muligheter for et brukbart fiske. Vil statsråden sørge for at det ikke gis noen tillatelse til seismiske undersøkelser så lenge klagebehandlingen foregår, og hvordan ønsker departementet å ivareta hensynet til viktige fiskeriinteresser ved fremtidige konsesjonstildelinger?
Olav Akselsen: Klaga på seismiske undersøkingar, EBS00, har vore til behandling hos Oljedirektoratet. Eg kan informera om at Oljedirektoratet har gitt klaga oppsettande verknad slik at dei planlagde undersøkingane ikkje kan starta før 1. juli 2001. Ein rekner med at klaga vil vera behandla innan den tid. Når det gjeld ivaretakinga av viktige fiskeriinteresser ved framtidige konsesjonstildelingar, held ein før kvar konsesjonsrunde møte mellom Olje- og energidepartementet, Fiskeridepartementet og Miljøverndepartementet. Det vært og halde møte med Norges Fiskarlag. Føremålet med møta er å avgjera kva område som kan lysast ut for petroleumsverksemd. Møta sikrar at alle berørte interesser får høve til å koma med sine synspunkt. På bakgrunn av det som kjem fram i møta, og etter nøye vurderingar av moglege verknader av verksemda, finn ein fram til dei blokkene som kan gå inn i dei ulike rundene. Det er og etablert avgrensingar i oljeverksemda for å søkja å avgrensa moglege konfliktar mellom dei to næringane. Ved framtidige tildelingar av konsesjonar vil eg syta for at omsynet til fiskeria får ein sentral plass i vurderingane.