Olaf Gjedrem (KrF): Vil justisministeren vurdera om døve kan verta lagrettemenn?
Begrunnelse
Tidleg i 2000 hadde eg saman med Døveforbundet eit møte med dåverande justisminister Odd Einar Dørum. Han viste stor interesse for forslaget, men fekk ikkje tid til å fylgja det opp.
Døve har til nå vore utestengde frå slik funksjon. Hovedgrunnen er at tolk må delta. Men, me vurderer tolketeneste som eit formidlingsmedium, ikkje som eigen person.
For at døve skal kunne få verta mest muleg fullverdige deltakarar, er det etter mi meining rett at dei og får adgang til å verta lagrettemenn.