Lars Sponheim (V): Etter mange år med små tap i saueflokkane på Hardangervidda vest, vart dette endra i fjor, då jerven inntok området. Dette har og skjedd i andre fjellstrok nordover på Vestlandet, i landets mest sauetette område. Søknad om fellingsløyve var avslått av Direktoratet for Naturforvaltning, Hardangervidda vart trekt ut av lisenjaktområdet.
Kva kan statsråden gjera for at forvaltninga av jerv vert i tråd med retningslinene som er trekt opp i St.meld. nr. 35 (1996-97)?
Begrunnelse
Etter at jerven etablerte seg, har det vorte mest umogeleg å driva med sau på vestvidda. I jervnemnda sitt forslag er Hardangervidda med i lisensjaktområdet. Dette ser DN bort frå.
Vestfjell Grunneigarlag som har søkt om fellingsløyve, meiner det hastar med å få gjort noko, slik at ikkje tapstala vert like store komande sesong.
Vinteren er ei god tid for felling av jerv.
Ein kan få inntrykk av mangelfull sakshandsaming, og lite samarbeid mellom etatane i denne saka.