Petter Løvik (H): Vil statsråden ta omsyn til at ein del fylke har mange utrygge og rasutsette vegar ved fordelinga av vegmidlar i åra framover?
Begrunnelse
Dei tidlegare øyremerkte midlane til rassikring skal no innlemmast i dei ordinære rammene for vegbygging. Ifølgje ei NTB-melding 26. juni 2000 skal statsråden ha uttalt på Sunndalsøra at "det er ingen rasutsatte fylker som for ettertida kan føle seg trygge på at de vil bli spesielt tilgodesett på grunn av mange rasutsatte veistrekninger".
Dette har skapt ein del uro i desse fylka, og det samsvarer dårleg med det som statsråden uttalte i Stortinget for knapt to veker sidan (15. juni): "Jeg vil understreke at rassikring, uavhengig av om dette fortsatt er en egen post eller ikke, må stå i minst like sterk fokus som før".
Eg vil difor be statsråden presisere at behovet for rassikring skal vere med som eit av momenta det vil bli lagt vekt på ved tildeling av vegmidlar.