Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:181 (1999-2000)
Innlevert: 03.02.2000
Sendt: 04.02.2000
Besvart: 10.02.2000 av finansminister Gudmund Restad

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Fiskarar med lottinntekt har ikkje rett til minstefrådrag ettersom lottinntekt vert handsama som næringsinntekt. Havfiskarane er på lik linje som arbeidstakarar på skip, omfatta av bestemmelsane i Sjømannslova når det gjeld både tilsetting og oppseiing. Dei er også bundne av kollektive tariffavtalar mellom hovedorganisasjonane. Inneber dette etter finansministeren sitt syn ei rimeleg skattemessig handsaming av fiskarane i høve til det som gjeld for arbeidstakarar på skip?

Begrunnelse

Det finns mange arbeidstakargrupper som har prosentavlønning som kan samanliknast med fiskarane sit lottsystem utan at dei dermed vert skattelagt og handsama som sjølvstendig næringsdrivande.

Gudmund Restad (Sp)

Svar

Gudmund Restad: I forhold til skattelova er all inntekt av fiske, med visse unntak, blitt rekna som næringsinntekt. Etter langvarig likningspraksis gjeld dette også inntekt som mannskap har fått i form av lott av fangsten, utan at dei eig fartøyet, delar av fartøyet eller reiskap. Desse fiskarane blir såleis rekna som næringsdrivande sjølv om dei ikkje fyller dei alminnelege kriteria for næringsverksemd etter skattelova.

Etter gjeldande rett inngår ikkje lottinntekter i grunnlaget for utrekning av minstefrådraget, og fiskarar som tek i mot lottinntekt kan derfor ikkje krevje minstefrådrag i inntekta si. Ordinær hyreinntekt for arbeid om bord på fiskefartøy blir derimot rekna som lønnsinntekt og følgjer dei alminnelege reglane for skattlegging av slike inntekter etter skattelova. Fiskarar som tek i mot hyre kan derfor krevje eit minstefrådrag i den skattepliktige inntekta si.

Ei omfattande omlegging av skattlegginga mv. av fiskarar, også spørsmålet om skattemessig klassifisering av fiskarar, er behandla i NOU 1990:18 Beskatning av fiskere. Utvalet konkluderte med at den inntekta mannskapslottakarane har frå fiske, skil seg vesentleg frå det som normalt kjenneteiknar næringsinntekter etter skattelova. På denne bakgrunn foreslo utvalet at betaling av mannskapslott skal reknast som lønnsbetaling.

I 1997 utarbeida departementet eit utkast til proposisjon om ei reform av skatte-, avgifts- og trygdeforholda for fiskarar. Utkastet tok mellom anna for seg spørsmålet om skattemessig klassifisering av fiskarar. Proposisjonen følgde opp NOU 1990:18, og dei høringsfråsegnene som var kome i samband med den.

Det går fram av utkastet at departementet meiner at klassifiseringa av mannskapslottakarar som næringsdrivande i skatterettsleg samanheng skil seg frå det som er vanleg i andre næringar. Produksjonsavhengig godtgjersle for arbeid gjer normalt ikkje mottakaren til næringsdrivande. Departementet uttalar at lottinntekt til mannskap som ikkje er medeigarar i fartøyet eller reiskap (mannskapslott), ikkje er ei typisk næringsinntekt. Mannskapslott har derimot monalege felles trekk med lønnsinntekter. Departementet konkluderer med at ei omklassifisering til lønnsinntekt etter alt å dømme vil vere meir i samsvar med det alminnelege skilje mellom næringsinntekt og lønnsinntekt i skattelova. Ei slik omdanning ville innebere ei normal skattlegging på line med andre arbeidstakarar.

Departementet uttalar i utkastet at ei omklassifisering av skattestatusen til fiskarane, slik at betaling av lott i større utstrekning blir rekna som lønnsinntekter, vil verke inn på storleiken på minstefrådraget. All betaling av lott til fiskarar som blir omklassifisert til lønnstakarar, vil da bli rekna som lønnsinntekt og inngå i grunnlaget for utrekning av minstefrådraget. Ei omklassifisering vil derfor innebere at dei aller fleste fiskarar får større rett til frådrag i inntekta. Fiskarar som har større reelle yrkesutgifter enn dei som blir dekte av minstefrådraget, kan da krevje frådrag for dei utgiftene som verkeleg har gått med.

Utkastet til proposisjon ble sendt fiskeriorganisasjonane til gjennomsyn i desember 1997. Organisasjonane hadde delte oppfatningar om utkastet sitt innhald, også om spørsmålet om skattemessig klassifisering. På bakgrunn av motstand mot det samla opplegget i utkastet, blei utkastet ikkje fremma.