Sigrun Eng (A): Kan statsråden svare på om det i samband med anbodsutlysninga vart vurdert å forlenge eksisterande rute ifrå Sola-Dagali til Gardermoen, og i tilfelle kvifor vart det ikkje gjort, og eventuelt kan departementet legge til rette for mellomlanding av ei rute ifrå Bergen-Dagali-Gardermoen også?
Begrunnelse
Geilo Lufthavn Dagali får idag AFIS tilskot. Pr. i dag blir det gitt grunna rutedrift ifrå Sola Lufthavn Stavanger med Coast Air. Elles er det chartertrafikk som gir grunnlaget for dagens passasjertal. Flyplassen har bevist sin eksistens. Reiselivskommunane i øvre Buskerud ville ved utvida rutetilbod fått ein auka tilgang til marknaden. Som ledd i å styrke drifta av flyplassen ville det vori ynskjeleg med eit utvida rutemønster og eller fleire landingar ifrå andre destinasjonar.