Rita Tveiten (A): Er fiskeridepartementet samd i at ressursuttaket av sei må regulerast etter industrien sin trong for råstoff, slik at norsk fiskeindustri kan byggjast opp til å verta ein stor leverandør av vidareforedla ferskfiskprodukt, kan det lagast ei ordning med periodisering av fangsten og å tildela kvart fartøy ein eigen kvote, og kan det setjast i verk tiltak som gjer at det er føremoner knytt til at norske fangstar vert landa i Norge framfor at dei vert leverte direkte til t.d. Danmark?
Begrunnelse
Stortinget har samrøystes meint at Noreg må gå frå å vera ein råvareleverandør til å verta ein leverandør av meir vidareforedla produkt og derigjennom få til auka verdiskaping i Noreg.
Sei er eit råstoff som eignar seg til ferskfiskleveranse. Det er difor nausynt at industrien kan få råstoff jevnt utover året. I dag føregår det eit "Kappfiske" for at trålarane skal sikra seg sin maksimale del av kvoten før totalkvoten er oppfiska.
No ser ein at fiske er mest intenst i den perioden etterspurnaden er lavast, samstundes vert mange av fangstane landa i Danmark- i sterk konkurranse med norsk produsert fisk. Kappfisket fører også med seg at industrien står utan råstoff seint i sesongen, då etterspurnaden i marknaden er størst. Frå industrien sjølv er det gjort framlegg om ei periodisering med utgangspunkt i 750 tonn som ser slik ut:
Periode 1: Januaar,februar, mars april 300 tonn
Periode 2: mai, juni150 tonn
Periode 3: 15. august - 30.september150 tonn
Periode 4: oktober, november, desember150 tonn
Nokre fangstar vert levert direkte til t.d. Danmark og skaper ubalanse for norske vidareforedla ferskfiskprodukt i den same marknaden.
Eg er kjend med at Island kuttar kvotane med 20% for dei trålarane som landa fangsten sin i utlandet.