Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:372 (1998-99)
Innlevert: 28.06.1999
Sendt: 29.06.1999
Besvart: 02.07.1999 av kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Vil KRD prioritera dei fylka og dei prosjekta som no vert reduserte eller utsette, etter halveringa av Kap 551.58 Regionale samordningstiltak, i budsjett for neste år?

Begrunnelse

Kap 551.58 Regionale Samordningsmidlar vart redusert i samband med revidert nasjonalbudsjett frå 100 til 54 millionar kroner, 25 millionar kroner er alt tildelt konkrete prosjekt i utvalde fylker.
Som fylgje av denne tildelingspraksisen vil dei fylka som ikkje fekk tilsegn i første halvår måtta ta heile støyten med reduksjonen og får no vesentleg mindre eller inga løyving. Dette fører til at konkrete prosjekt vert reduserte eller utsette. Som døme kan eg syna til prosjekta "Norsk Tradisjonsfisk" og "Nordsjøløypa" i Hordaland.

Odd Roger Enoksen (Sp)

Svar

Odd Roger Enoksen: Det er synd at tilskottet til regionale samordningstiltak vart redusert med 46 millionar kroner i 1999. Nå er største delen av dei regionale samordningsmidlane fordelt til fylka og eg vurderer fordelinga som god og rett, sett i høve til kvaliteten på prosjekta, kvaliteten på søknadene og dei midla vi har hatt til disposisjon. Alle distriktsfylka vil få regionale samordningsmidlar. Storleiken på beløpa vil variere noko, da vi har føresett ein konkurranse mellom fylka om å utvikle prosjekt med stor samordningsgevinst.

Fordi tilskottsordninga "Regionale samordningstiltak" er basert på konkurranse blir ho forvalta av Kommunal- og regionaldepartementet. Fylkeskommunane er tillagt ei viktig rolle i arbeidet med å følgje opp bruken av verkemidla. Det er dei som har ansvaret for å prioritere mellom prosjekt og søke Kommunal- og regionaldepartementet om dei regionale samordningsmidla. Dei fleste fylka har send inn fleire prosjektsøknader. Departementet har, så langt som mogleg, gitt støtte til dei prosjekta fylkeskommunane har prioritert høgst.

Kommunal- og regionaldepartementet ynskjer å oppretthalde prosedyrene for søknad i neste års statsbudsjett. Det gir fylkeskommunane ein ny sjanse til å søke om støtte til prosjekt dei meiner tilfredsstiller måla og retningslinene for ordninga. Dei fylkeskommunane som ynskjer å søke om støtte til tiltak som ikkje fekk støtte i dette budsjettåret kan sjølvsagt fremme desse søknadene ein gong til i 2000. Prosjekt som er gitt støtte i 1999 kan ikkje støttast i 2000, men det vil vere mogleg å søke om støtte til utviding- eller andre fasar av prosjekt.

Samordning og samarbeid mellom regionale aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsgrenser i utforming og gjennomføring av tiltak vil og neste år vere eit av dei viktigaste kriteria for tildeling av midla.

Eg vonar representanten Tveiten har fått svar på spørsmålet og ynskjer god sommar.