Skriftlig spørsmål fra Astrid Marie Nistad (A) til justisministeren

Dokument nr. 15:322 (1998-99)
Innlevert: 03.06.1999
Sendt: 04.06.1999
Besvart: 10.06.1999 av justisminister Odd Einar Dørum

Astrid Marie Nistad (A)

Spørsmål

Astrid Marie Nistad (A): Med bakgrunn frå enkeltståande tilfelle i media, korleis kan det ha seg at personar med usona dommar eller er ute på prøve gjentatte gonger kan gjere seg skuldig i ny kriminalitet utan reaksjon, og i den samanheng føre det med seg riktigheit at politiet ikkje kan slå ned på identifisert ulovleg bilkøyring på grunn av manglande overtidsmidlar?

Begrunnelse

I den siste tida har vi gjennom media fått presentert fleire tilfelle av at personar som har usona dommar, eller er ute på prøve gjer seg skuldig i ny kriminalitet utan å få ein snarleg reaksjon. I dei verste tilfelle som vert presentert, er det personar som er under etterforskning eller ventar på soning for over 50 kriminelle forhold, som igjen gjer seg skuldig i ny kriminalitet bl.a. i form av køyring utan førerkort i påverka tilstand og som kan forårsaka store skader. I ei av landets største avisar seier politiet rett ut at dei ikkje kan ta fyllekøyrare, på grunn av mangel på overtidsmidlar. Det strid mot den alminnelege rettsoppfatning at personer med usona dommar gjentatte gonger kan gjere seg skuldig i ny kriminalitet før soning blir sett i verk. Dette gjer mellom anna at kvardagen blir utrygg for folk flest, samstundes som at folk misser tiltrua til rettssystemet.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Eg forstår at saka det blir vist til i spørsmålet gjeld ei sak i Sunnmøre politidistrikt. Departementet har teke saka opp med politimeistaren som opplyser at gjerningsmannen ikkje vart fengsla fordi det mellom anna ikkje var fare for tap av prov. Ved ei eventuell pågriping av mannen, hadde det imidlertid vore mogeleg å gjere dette utan å nytte overtid.

Alvorleg trafikkriminalitet, slik som køyring i rusa tilstand, høyrer med til politiets prioriterte oppgaver, som politiet sjølvsagt skal handsame.

Politimeistaren i Sunnmøre har laga ein instruks for nytting av overtid i politidistriktet der det mellom anna går fram at i saker med mistanke om promillekøyring skal politiet rykke ut "for avvergelse av den konkrete fare."